SMÅLEIK

Meld deg på Småleik ved å fylle ut registreringsskjema heilt nedst på denne sida.

All informasjon om Småleik finn du på www.småleik.no. Spørsmål om festivalen sendast på e-post til smaaleik@gmail.com eller til 414 98 794.

Viktige fristar:

  • 2. juni: siste påmeldingsfrist

Dette finn du på denne sida:

  1. Praktisk informasjon
  2. Pris, påmelding og betaling
  3. Verkstader
  4. Registreringsskjema



Praktisk informasjon

Småleik går føre seg på Apalløkka i Oslo frå fredag 21. til søndag 23. juni 2019. Mesteparten av sundagen er vi på Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Apalløkka skule og idrettshall ligg på Ammerud, rett ved Lillomarka. 

Du kan sjekke inn og få middagsmat på Apalløkka frå kl. 16 fredag, og fellesprogrammet startar kl. 18. Dei som kjem i bilkan parkere ved skulen og hallen. Alle sjekkar ut sundag morgon, og drar i felles buss til Norsk Folkemuseum, der Småleik held fram til kl. 14. Det blir tilbod om aktivitetar og framsyningar i museet for Småleik-deltakarane etter dette, og alle som vil kan vere med vidare på Folkemuseet si store feiring ut over St. Hanskvelden. 

Målgruppa for stemnet er skuleborn og ungdom i alderen 6-18 år, dvs. fødselsår 2012 og tidlegare.

Overnatting:
Det vert overnatting på klasserom på Apalløkka, ein er ansvarleg for å ta med naudsynt utstyr sjølv (slik som sovepose, liggeunderlag osb.). Pakkeliste blir sendt ut i god tid. 

Overnattande følje/føresatt ventas å stille til som frivillig dersom ikkje anna er avtalt. 

Dersom Småleik blir fullteikna før påmeldingsfristen, må vi rasjonere på overnattingsplassane. Påmelde deltakarar, dugnadsfolk, samt eitt følge for deltakarar med særskilte behov (medrekna dei yngste borna), vert prioritert ut frå påmeldingsdato Ev. ynskje om innkvartering av andre familiemedlemmar blir vurdert etter at påmeldinga er lukka – dei som melde behovet først, kjem fremst i køen.

Sjå meir på www.småleik.no



Pris, påmelding og betaling

Alle deltakarane må melde seg på i dette skjema for å få vere med. Siste påmeldingsfrist er 2. juni. Medlemsprisen (350 kr.) gjeld for dei som er medlem i eitt av arrangørlaga, medlem i Norges Ungdomslag (NU) eller som har bustadsadresse i Oslo. Alle andre betaler ikkje-medlemspris (650 kr.).

For føresette og familimedlemer: 
Føresette kan vere med å overnatte, men dersom føresette ikkje ynskjer å hjelpe til som frivillig må ein betale for mat og overnatting. Denne prisen er på kr. 800 per person. Småsøsken under 6 år kan vere med gratis.

Betal med kort eller få tilsendt faktura ved bruk av kampanjekode:
Etter du har fylt ut påmeldingsskjema kjem du til ei side der du betaler for påmeldinga med kort. Det er viktig at du fullfører heile påmeldinga og betalinga for at påmeldinga skal vere gyldig. Når alle stega er fullført vil du motta ei stadfesting av ordre på e-post. Når denne er motteke er påmeldinga i orden.

Dersom du ikkje skal betale påmeldinga sjølv men t.d. laget skal betale kan du bruke kampanjekoda "småleik" i det aller siste feltet som heiter "kampanjekode". Trykk så på knappen "valider" og hugs å stadfeste påmeldinga di. Då vil arrangøren sende ut faktura i staden for at du betaler med kort. OBS: Hugs å oppgje kven som skal motta faktura i kommentarfeltet over feltet for kampanjekode.


Foto: Folkepedia/Halldis Folkedal

Verkstader

I påmeldingsskjema må ein velje mellom fire ulike verkstader som ein skal delta på. Desse kan du velje mellom:

Verkstad i folkedans: 

Likar du å danse og vil danse meir folkeleg dans? Då må du bli med på danseverkstad på Småleik! Saman med dei beste danselærarane vi veit om vil du leike med rytme og musikk, lære deg nye dansar og kanskje nokre kule dansetriks. Du treng inga forkunnskapar for å delta, og vi er sikre på at du kjem til å ha det veldig moro. Velkomen på verkstad inn i dansens verd.

Dans 1: alder 6-9 årDans 2: alder 10-12 årDans 3: alder 13-18 år.

Forkunnskapar: Inga.  

Instruktørar: Anette Figenschou, Siri Strige, Trine Merete Sjølyst.

Verkstad i fele og stryk: 

Spelar du fele, bratsj eller cello og vil ha det moro saman med andre som spelar strykeinstrument? Då er denne verkstaden midt i blinken for deg! Vi delar verkstaden opp i to nivå, ut i frå kor mykje erfaring du har med folkemusikk. Nivå 1 er for deg som har spelt litt folkemusikk tidlegare, men som framleis er nybyrjar og vil lære deg meir. Nivå 2 er verkstaden for deg som har spelt litt folkemusikk før og som ynskjer å bli betre på ditt instrument. Lærarane er særs dyktige, kan gje deg triks for å bli betre og saman vil de skapa ny og spennande musikk. Blir det nok påmelding til bratsj og cello vil det bli eigne lærarar til desse instrumenta. Så ta med deg bogen og favorittinstrumentet og bli med på verkstad. 

Alder: 6-18 år.

Forkunnskapar:  Nivå 1: har spelt litt frå før, og er kjend med instrumentet.  Fele 2: meistrar godt instrumentet. 

Instruktørar: Selma French Bolstad, Johanne Løkensgard Mjøs.

Verkstad i trekkspel/komp: 

Vi ynskjer å samle born og ungdom som spelar trekkspel til ein heidundrande verkstad med kule rytmar og godt driv! Meistrar du godt bass eller gitar så er du og hjarteleg velkommen inn i Småleikvarmen. Her vil det vere fokus på meistringå leike med rytmar og å ha det moro med musikken. Ta med deg instrumentet ditt og bli med inn i musikken si verd. Læraren er særs dyktig og vil tilpassa verkstaden etter alder og nivå, slik at alle kan delta og oppleve meistringVel møtt.

Alder: 6-18 år.  

Forkunnskapar: Trekkspel: har spelt litt før. Gitar eller Bass: meistrar godt instrumentet, og kan litt om besifring.

Instruktør: Stian Aase.

Verkstad i folkesong:  

Likar du å synge og har ein liten songfugl i magen? Då er dette ein verkstad du ikkje vil gå glipp avHer vil du lære deg songteknikk, leike med rytmar og synge fine folkeviser og stevDu treng inga forkunnskapar for å delta og vi ynskjer alle songglade barn og ungdom velkomen på verkstadLæraren er ein av dei beste innan folkesong og ho vil tilpassa verkstaden etter alder og songerfaringVelkomen til ein syngande flott verkstad.

Alder: 6-18 år.  

Forkunnskapar: Inga.  

Instruktør: Øyonn Groven Myhren.


Vertskap på fellessamlingane: Marianne Dahl, Torill Schinstad, Anette Figenschou, Siri Strige.
Festivalorkester: Vrang (Tuva Færden, Jon Brodal, Maja Gravermoen).


Informasjon om program finn du på www.småleik.no


Foto: Thor Hauknes (1), Halldis Folkedal/Folkepedia (2, 3 og 4)

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon