Plukk vilt 2019 - Aabrekk Gard, Olden

26.-27. april 2019 blir det arrangert kurs i Plukk Vilt: hausting, foredling og bruk av  ville vekstar . (Artikkelen er frå kurset i 2017) Kursstad i år er Aabrekk Gard i Oldedalen, Stryn kommune. Bli med på eit botanisk djupdykk inn i korleis du kan hauste frå naturen av vekstar til bruk som krydder eller mat av ville vekstar.

I år legg vi kurset tidleg på våren slik at du skal vere i stand til å bruke resten av forsommaren til å ta for deg av alt som spirer og gror. Du kan plukke og hauste ville plantar omtrent heile året. Vi har fokus på plantar på land på dette kurset, men du vil få introdusert nokre rødalgar frå havet også.

Kurset er i regi av Kompetansenettverk Lokalmat Vest, og passar for deg som driv servering, vil hauste til kokkar og serveringsstadar eller har tankar om å bruke ville vekstar profesjonelt.

Ane Marit Willmann frå Vill Mat er instruktør på kurset i tillegg til Bjørg Devik Aurlien frå Høgt og Vilt i Gloppen. Kurset er praktisk der vi både sankar og lagar nokre matrettar eller får demonstrert teknikkar.

Målsetting med kurset er å gjere deg i stand til på ein trygg måte kunne hauste eit utval urter og plantar, kunne planlegge sesongen, og hauste til ege bruk eller bruk i komersiell samanheng. Du får inngåande kjennskap til nokre plantar og teknikken vert den same for nye plantar du tek inn i storimentet ditt, enten du skal tørke, foredle, bruke som ferske ingrediensar eller by fram for sal.

Program her: program

Pris for overnatting og frukost kjem. 

Kom og la deg inspirere!

 

Registreringsskjema

Fornavn
 *
Etternavn
 *
E-postadresse
 *
Gjenta e-post
 *
kurs plukk vilt 2019 *
 (kr 600,00 pr stk)
Mobil
Evt. merknadar om allergenar
Bedrift eg representerer
Vi treng overnatting til xx personar, sett inn tal.
Overnatting og frukost betalar ein direkte til Aabrekk gard på staden.
 *