Jølster Rundt 2014

Førde CK inviterer til Jølster Rundt sundag 25.mai 2014

Start og mål:  Slåtten skule (Angedalsvegen),  Førde.  

Trimklassen (utan tid) har fortløpande start mellom kl 08:30 og 08:45.

Turrittet (med tid) startar frå kl 09:00.  Oppmøte seinast 1 time før start.  
Alle som er 17 år og eldre kan delta i turrittet (på tid).  Vi har tilrettelagt for eigne lagpuljer med minimum 15 deltakarar, oppgje kontaktperson for lagpulja.  Rittleiinga tar attarhald om å slå saman tidspuljer med få deltakarar. 


Alle må ha lisens, enten aktiv gjennom klubb eller eingongslisens. NCF sine reglar for turritt gjeld.

Garderobe og sekretariat på Slåtten Skule.  Sekretariatet opnar 07:15 og avsluttar kl 08:15.   

Løypa er ca 90 km. Start på bussplassen på skulen, etter ca 300 m skarp venstresving og over bru. Etter andre rundkøyring og ca 1,5 km er ein inne på E39 og følgjer denne til Vassenden (22 km), deretter tek ein sørsida av Jølstravatnet til ein kjem inn på RV5 ved Kjøsnes rett før Skei. Vending på Skei (47 km), og ein følgjer E39 tilbake til Førde.  

Etter målgang får alle varm mat og frukt/saft.

Rittleiar: Stig Savland,  mob 916 93588

Sjå meir om rittet på 
Førde CK sine nettsider www.fordeck.org . 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon