Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Kvalpekurs

Har du fått kvalp? Gi kvalpen din ein god start på livet - bli med på vårt kvalpekurs! :) 

Kvalpekurset er ope for alle hundar av alle rasar frå to til seks månader. På kvalpekurset lærer du å trene dei viktigaste ferdighetene som ein god familiehund treng til kvardags. Me jobbar blant anna med:

 


  • Korleis hundar lærar
  • Kvifor trene positivt
  • Gode rutinar ute og heime
  • Kvalpebiting
  • Miljøtrening og sosialisering

 

  • Kontakt
  • Belønningsutvikling
  • Velge vekk forstyrrelsar / sjølvkontroll
  • Ro
  • Innkalling
  • Sitt, stå, dekk
  • Bli / holde posisjon
  • Korleis legge signal på atferd
  • Target
  • Passering
  • Gå pent i bånd

Du vil og lære om miljøtrening og aktivisering av kvalpen.

Det viktigaste med kvalpekurset er imidlertid ikkje kva kvalpen lærer, men kva DU lærer. Vårt mål er at du skal lære prinsipp for effektiv hundetrening, som gjer deg i stand til å takle nye utfordringar på eigen hund etter kurset. Eit kvalpekurs er den beste investeringa du kan gjere i ditt hundehald!

Canis Hundeskole brukar ein metode som vert kalla «klikkertrening» på våre kurs. Klikkertrening er ein utruleg effektiv og morosam treningsmetode. Særleg når du har begynt å klikkertrene hunden frå den er kvalp får du veldig gode resultat. Klikkertrening gjer kvalpen din til ei «læringsmaskin» som elskar å trene og lære nye ting, det vil du ha glede av i resten av hunden sitt liv.

 

Kvalpekurset går over 7 gongar, fra torsdag 8. april kl 17:30. Siste gong torsdag 27. mai. ("fri" 13. mai)


 




Første gong er teori utan hund. Denne går online over Zoom. Du vil og få tilgang til teorien i ein kursportal online.

Det er ønskelig at maks to møter pr kvalp på praktisk trening, antallet kan endras ut frå føringar frå FHI/kommunen. Me trener utandørs og har god plass til avstand mellom deltakarane. Meir informasjon blir gitt før oppstart. 




Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon