Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

ULLVEKA 2020: Kurs - Arbeid med ei handspunne tråd

Kurset vil vere ein kombinasjon av spinning på rokk eller handtein og fåredrag (sic!). Fokus er eigenskapane til det eintråda garnet, utfordingar og fordelar og korleis vi best finn egna prosjekter og arbeidsformer med eintråda garn.

Kurset er egna for alle, frå dei som ikkje kan spinne (endå :)) til dei som er trygge på spinning.

Dei som ikkje kan å spinne sjølv vil ha høve til å sjå på andre spinne, og å prøve seg. Du vil få meir kunnskap om kva kvalitetar eit eintråda garn har, om det er spunne for hand eller på eit spinneri.

SMITTEVERN: Vi legg opp til god avstand mellom kursdeltakarane og elles dei smittevernråda vi har lært oss å helde oss til: god handhygiene, minimum ein meters avstand og at alle som kjem er friske. Vi vil gje nærare og meir utfyllande informasjon i veka før ut frå den situasjonen regionen/landet står i.

Kurshaldar: Vigdis Valde


Billettpris kr 1200 (kan ikkje refunderast)

 

Registreringsskjema