ULLVEKA 2020: Helgekurs i strikking på Fjordslottet

NB! Dette er eit kurs som må sees i samband med opphald på Fjordslottet. Billett til kurs kjøper du her, men hotellopphald må bookast separat hos booking@fjordslottet.no


Kurshaldar: Nina Granlund Sæther.

Nina er kjent som strikkedesignar og kulturformidlar. Ho har skrive fleire bøker, m.a. «Norske strikketradisjonar», «Votter. Strikkemønstre fra hele Norge» og «Sokker fra hele Norge» Ho er elles kjent for ei rekkje foredrag og kurs landet rundt.

Å strikka lærte ho som femåring, og har sidan vore lidenskapeleg oppteken av handarbeid og tekstilar. Til dagleg arbeider ho som redaktør i tidsskriftet Hus &Bolig.  Tidlegare har ho vore redaktør av Norsk Husflid, og har også undervist i vidaregåande skule.  Sjå meire på www.hjertebank.no


Kursplan

Kurset startar fredags ettermiddag, og første post på programmet er: Lær å strikka krypemasker utan hjelpepinne.

Krypemasker er ein fletteteknikk som har vore brukt ulike stader i landet, men særleg på Vestlandet. Det ser ut som rette masker som dannar eit gitter på overflaten av ein vrangstrikka botn.


Laurdagen tek ein i første økt for seg:  Tips og triks når du skal montera ei kofte.  Her får du gode råd om å sy eller hekla før klipping, strikking av belegg, kunsten å laga ein fin hals, knappestolpar mm.  


Etter lunsj: Foredrag om norske strikketradisjonar. Strikketeknikken fann vegen til Norge på 1500-talet. Lokale tradisjonar vaks fram på slutten av 1800-talet, og me fekk mellom anna selbuvottar, setesdalskofter og fanatrøyer. I nyare tid har designarar som Per Spook, Ellinor Floor og Tine Solheim sett sitt preg på norske strikketradisjonar.


Sundag: Lær å strikka tvebandflette.  Tvebandteknikken har vore mykje brukt nedst på trøyer og vottekantar, både fordi han er dekorativ og slitesterk.  Vert strikka med trådane på forsida av arbeidet.

 

Fredag: Innsjekk etter kl. 16.00

17.00  -  19.00  Kurs

19.00  -  20.00  Middag


Laurdag:

10.00  - 17.00  Kurs, foredrag og strikkemingling

13.00 – 14.00  Lunsj

19.00                Middag


Sundag:

10.00  -  12.00 Kurs

13.00                Lunsj

Utsjekk


NB! Hotellopphald må bookast separat hos booking@fjordslottet.no


Hotellpakke fredag til søndag:

2 x 3 retters middag

2 x overnatting i dobbeltrom

2 x frukost

2 x lunsj

4 x kaffipauser

Kurslokale med utstyr.

Pris kr.  2.940.-


Bindande påmeldingsfrist 1. oktober 2020

Bestilling hotellopphald og mat:  booking@fjordslottet.no

For informasjon kontakt:  91628444

Helgekurs i strikking Fjordslottet 23.-25. oktober

 

Registreringsskjema