ULLVEKA 2020: Helgekurs i plantefarging på Fjordslottet

Kurshaldar:  Hege Dagestad.


NB! Dette er eit kurs som må sees i samband med opphald på Fjordslottet. Billett til kurs kjøper du her, men hotellopphald må bookast separat hos booking@fjordslottet.no, sjå detaljert informasjon lenger nede


Hege Dagestad er forfattaren av boka «Garnmagi med plantefarging» og har halde utallege kurs i plantefarging dei siste åra. Ho er aktiv på Facebook og Instagram og bloggar om aktuelle emne. Hege har stor kjærleik til norsk ull og har største delen av eigen produksjon av garn frå Hillesvåg.

Kursplan:

Fredagskvelden startar med teori der det vert ei innføring i dei mest grunnleggjande teknikkane ved plantefarging.  Det vert også klargjort garn til neste dag, slik at ein kan starta fargeprosessane med ein gong.

Dei to neste dagane vil ein læra forskjellige beiseteknikkar og det vert farga med norske vekster som bjørkeblad og bjørkebark, reinfann, gullris, tørka valnøttskal og andre aktuelle fargeemne.  Det vert også farga med meir eksotiske fargeemne som krapprøter, cochenillelus og indigo. Dessutan vert det anledning til å eksperimentera med forskjellege overfargingar og eigne fargeønskje.

Fredag: Innsjekk etter kl. 16.00

17.00  -  19.00  Kurs

19.00  -  20.00  Middag

20.00     - 21.00  Kurs


Laurdag:

10.00  - 17.00  Kurs


Sundag:

09.00  -  16.00 Kurs


Garn og kurskompendium:

Kursdeltakarane kan få kjøpt garn første kurskvelden, eller dei kan ta med det garnet dei ønskjer sjølv.  På kurset vert det delt ut eit kurshefte med ein plan for kurset og forskjellege oppskrifter. Kvar deltakar vil kunne farga meir enn 1 kg garn.  Etter påmelding får deltakarane tilsendt ytterlegare informasjon

Etter kurset:

Det vert anledning å få kjøpt både garn og tørka fargemateriale til farging heime.

Kursdeltakarane vil få tilgang til eigen FB-side der emne gjennomgått på kurset vil verta følgd opp


NB! Hotellopphald må bookast separat hos booking@fjordslottet.no


Hotellpakke fredag til søndag:

2 x 3 retters middag

2 x overnatting i dobbeltrom

2 x frukost

2 x lunsj

4 x kaffipauser

Kurslokale med utstyr

Pris kr.  2.940.-              


Bindande påmeldingsfrist:  1. oktober 2020

Bestilling av hotelopphold og mat:  booking@fjordslottet.no

For informasjon kontakt:  91628444

Helgekurs i plantefarging på Fjordslottet


NB! Hotellopphald må bookast separat hos booking@fjordslottet.no

 

Registreringsskjema