Sjøsportveko - 2020

Velkomen til Sjøsportveko 2020


Sjøsportveko har vore arrangert av Båtlaget Njord Tysnes i ei årrekkje. Sjøsportveko er for born i alderen 8 - 14 år. På Sjøsportveko får ein prøva sigling med joller og større båtar, padling i havkajakk, sjømannskap, sjøvett og vannsport. I tillegg blir det tid til bading for dei som har lyst til det. 

Sjøsportveko blir i år arrangert Mandag - Fredag i veke 26. Kl 1000 - 1500 kvar dag. 

Meir detaljert informasjon vil bli sendt ut etter påmeldingsfristen.

NB: Påmeldingsfristen er 25 mai kl 2100!

For påmelding og betaling fyll ut detaljar om deltaker og føresette på registreringsskjemaet her på sida. Felt merka med * er påkrevd. Deltakeravgift inkluderer, frukt kvar dag, grillmat og drikke på fredagen. Dersom du ynskjer at barnet dykkar skal bli medlem i Båtlaget Njord/Tysnes kryss av for dette i påmeldingskjemaet. Årskontingent for junior er kr 200,-

Merk: i år der det begrensa plassar. Dette skuldast at me er nøydd til å ta hensyn til smittevernråda frå FHI og Norges Idrettsforbund i desse Corona tider. Pr. 11.05 gjeld maksimalt 20 personar samla og minimum 1 meters avstand. Dette betyr mellom anna at borna ikkje kan segla i lag to og to i jollene.

Sjøsportveko er det lagt opp  ut frå alder og ferdighetsnivå. Deltakarane vil bli delt i  grupper på bakgrunn av alder/erfaringsnivå. 

Alle deltakarar på Sjøsportveko må vera symjedyktige.

Primærmålet for læring er å gi borna mestringsfølelse og samtidig ha det gøy. Vår målsetting med Sjøsprtveko er å gi born eit godt fundament å byggja vidare på i Sjøsportens fantastiske univers. 

Velkomen til nokre flotte dagar på fjorden.


 












 

Registreringsskjema