Voss folkehøgskule Elevstemne 2020

JUBILEUM 21.-24.mai - Avlyst!!!


Elevstemne og jubileum i mai er avlyst!
Grunna utbrotet av korona-viruset har me diverre måtta ta den tunge avgjerda å avlysa årets jubileum og elevstemne. Me ynskjer å bidra til å avgrensa smitteutbrotet og vil prioritera omsynet til folk som er i risikogruppa. Dei som har betalt vil få refundert innbetalt beløp.



Velkomen til jubileumshelg på Voss folkehøgskule! 


Tida går raskt, og plutseleg er det tid både for å møte gamle skulekameratar - og feire jubileum! Jubileumstreff på Voss folkehøgskule er ein stolt og viktig tradisjon. Vi vonar at du både har lyst og høve til å kome "heim" til skulen din. 

Vi ser det same i år som du truleg opplvede: At ein knyter sterke band til dei ein går på folkehøgskulee saman med. Dette er ofte venskap som varer livet ut. Dessverre er det ikkje alltid slik at ein klarer å halde oppe den kontakten ein ønskjer. Jubileum ein treffstad for gamle vener og eit høve til å mimre.

 

Du jubilerer det kalenderåret du slutta, dvs gjekk du 09/10 har du 10-års jubileum 2020. Desse er spesielt invitert:


5års jubilanter: 2014/15

10års jubilantar:  2009/10

15års jubilantar: 2004/05

20års jubilantar: 1999/00

25års jubilantar: 1994/95

30års jubilantar: 1989-90

osv.

 

Program

Torsdag 21. mai

Skulen åpner for overnatting

20.00                          Kveldsmat

 

Fredag 22. mai

09.00 - 10.00             Frukost

 

Dagsopplegg som jubilantane sjølve tek initiativ til. Skulen kan stille med minibuss.

 

Korseminar med Jo Eskild og kanskje noen venner? Øving med sangere fra mange kull. Fremføring under 125-års markering lørdag kl 16.00.

 

18.00                           Middag (Grill ute i hagen hvis veret tillet det)

 

Lørdag 23. mai

09.00 - 10.00              Frukost

11.30                           Allsangtime. Jubilantene sine favoritter.

13.00                           Graut

16.00                           125-års markering

18.00                           Festmiddag med 125-års markering

20.00                           Festkveld. Festleiarar: Jo og Hilde Eskild

 

Søndag 24. mai

09.00 - 11.00              Frukost


Mellom måltider og programpostar er det rom for mingling i og på tvers av kulla, volleyball, korøving etc.. Har kulla spesielle ynskjer er det berre å ta kontakt med "jubileumssjef" Jon Grendahl.  


Prisar:

Overnatting enkeltrom: 590,-

Overnatting dobbeltrom: 485,-

Pr. natt, inklusiv  frukost og sengetøy


Alle måltid fredag til og med søndag kr 625,-, inkluderer grilling fredag, graut og festmiddag laurdag og frukost søndag m/niste.

Kun festmiddag laurdag kr 325,-. (Hovudrett, dessert og kaffi, og ei kaffiøkt seinare på kvelden med kake.)

 

Det vert seld drikke ved alle fellesarrangement. Vi sel mineralvatn, øl og vin.


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon