Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Nosework nybegynnerkurs

Bli med på noseworkkurs!

Nosework er ein hundesport der hunden lærer å søke etter spesifikke dufter i ulike søksområder. Det er ein spennande sport som passar for alle hundar og eigarar, og samarbeidet om søket bygger relasjon og samspel mellom deg og hunden din.

Nosework er vel så interessant som bruk som aktivisering av hund, som for konkurranse. Sporten vart grunnlagt som ein måte å aktivisere særleg omplasseringshundar på, for å lære hundane mestring, drive mental aktivisering og å finne ro.

 

Me jobbar med hunden si mestring og forståing av oppgåva, og eigar får lære mykje om å lese eigen og andre sine hundar. Etterkvart innfører me søk på duft.

 

Kurset krev inga førehandskunnskap, og me trenar ein og ein hund, så det passar og fint for hundar som er engstelige eller har problem med å omgåast andre hundar. Hundar som ikkje trener kviler i bilen medan dei ventar.

Kurset går over seks kveldar.


Pga korona er kurset no i første gong utsett med ei veke og startar no 30. mars, ytterligare forandringar kan skje. 




Første gong er kun teori - utan hund. Start kl 20:00.


Dei praktiske treningane går påfølgande fem mandagane.



30. mars kl 20:00 (teori)
6. april kl 20:00
13. april kl 19:30
20. april 19:30
27. april 19:30

4. mai 19:30



Begrensa antall plassar.


Me vil i hovudsak vere i Arna, mulig flytte oss litt rundt - alt etter vær.

 

Ta med gode godbitar og leiker. 

 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon