HANDTERING AV NETTRELATERTE SEKSUELLE OVERGREP

Menneske med utviklingshemming utgjer ei særlig risikogruppe knytt til seksuelle overgrep. Trass dette er det få overgrepssaker som blir melde til politiet. Vi som arrangerer konferansen har erfart at dette er saker som er utfordrande å identifisere, stå i og handtere. Bufdir har utarbeida retningslinja «handtering av seksuelle overgrep mot vaksne med utviklingshemming». Desse retningslinjene rettar seg primært til deg som arbeider med vaksne personar med utviklingshemming. Retningslinjene er også aktuelle for fagpersonar og studentar på helse- og sosialfaglige linjer.

https://www.bufdir.no/Nedsatt_funksjonsevne/Retningslinjer_seksuelle_overgrep_utviklingshemmede/ 


Konferansen er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Politiet/Statens barnehus, Seksjon for spesialisert habilitering, Sunnmøre og Seksjon for spesialisert habilitering Nordmøre og Romsdal.

Seminaravgift: Dagpakke som dekker materiell, lunsj, kaffi og pausemat: kr. 650,- 


Program

0900-0930  Registrering og kaffi

0930-0945  Velkomen v/Frode Skjelstad, leiar NFSS.

0945-1015  Prosedyre ved melding av seksuelle overgrep mot menneske med utviklingshemming
v/Inger-Marie Ulla Jørgensen, Spesialisert habilitering Sunnmøre

1015-1030  Pause 

1030-1200  Tilrettelagt avhøyr av menneske med utviklingshemming v/ Rolf-Arne Sæthre, KRIPOS 

1200-1300  Lunsj 

1300-1400  Etterforsking  - Politiet sitt arbeid i saker med særleg sårbare vaksnev/Etterforskar Solveig Otterlei Bunes og jurist Maria Vike Nørve, politiet

1400-1415  Kaffipause 

1415-1445  Forsvarlege tenester - Retten til å ha eit seksualliv versus avverje av overgrepv/Eilin Reinaas, Fylkesmannen i Møre og Romsdal

1445-1615  Korleis handtere internettrelatert seksuell kontakt via sosiale media. Som pasient og som tenesteyter?  
v/Svein Øverland, BRØSET

1615-1630  Oppsummering og avslutning 


Forelesarar: 

Frode Skjelstad
Konstituert seksjonsleder, Spesialisert habilitering Sunnmøre.
Leder NFSS (Nettverk: Funksjonshemmede, seksualitet og samliv). Skjelstad er vernepleier og har lang erfaring frå Habiliteringstenesta i Nord Trøndelag.
Har vore i styret i NFSS siste tre år, to av dei som leiar.

Inger Marie Jørgensen
Inger-Marie er spesialpedagog ved Seksjon for Spesialisert habilitering, Sunnmøre. Ho har i 2018-19 tatt vidareutdanningane seksuell helse og seksualitetsundervisning, sexologi og funksjonshemming. I den forbindelse har ho sett på habiliteringstenesta sine varslingsrutiner ved mistanke om seksuelle overgrep mot, eller utført av, menneske med utviklingshemming.

Rolf-Arne Sætre
Politioverbetjent ved Seksjon for seksuallovbrot, KRIPOS
Rolf-Arne Sætre har lang erfaring med etterforsking av seksuallovbrot og tar til dagleg både tilrettelagte avhøyr av barn og vaksne med utviklingshemming. Korleis legge til rette avhøyr slik at personar med ulike grader av utviklingshemming kan vere avhøyrbare?

Solveig Otterlei Bunes
Politioverbetjent med arbeidsplass i Ålesund. Etterforskar i eit distriktovergripande team som etterforskar grov vald, drap og seksuelle overgrep mot barn og vaksne. Tilleggsoppgåve som avhøyrer ved statens barnehus.

Maria Vike Nørve
Politiadvokat og fagansvarlig for grov vald og seksuelle overgrep i Møre og Romsdal politidistrikt.

Eilin Reinaas
Eilin Reinaas er jurist og arbeider som seniorrådgivar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Eilin er jurist med spesialfag helserett og har arbeida hos Fylkesmannen sidan 2010. Ho arbeider mellom anna med klage- og tilsynssaker knytt til helse- og omsorgstenestelova. 

Svein Øverland

Svein Øverland er leiar av Seksjon for nasjonale rettspsykiatriske funksjoner og rådgivar for forvaringsavdelinga i Trondheim fengsel. Han har arbeida med personer med alvorlege personligdomsforstyrringar, ustabilitet og lovbrot i mange år. Svein er utdanna barnepsykolog og rettspsykolog.

 

Registreringsskjema

Fornavn
 *
Etternavn
 *
E-postadresse
 *
Klasse/kategori
 *
Mobil
Representerer
 *
Funksjon
 *
 *