Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Grunnleggande instruktørkurs (Bergen)

Grunnleggande instruktørkurs i folkedans i Bergen

Arrangør: Noregs Ungdomslag


Om kurset: 

Helga 30. november-1. desember 2019 arrangerer Noregs Ungdomslag grunnleggande instruktørkurs i Bergen. Kurset er eit nasjonalt instruktørkurs som er ope for alle og vert arrangert i samarbeid med Bergen Ungdomslag Ervingen. Instruktørkurset foregår laurdag-sundag i Gimle, kulturhus sentralt i Bergen.

På det grunnleggande instruktørkurset lærer du eit repertoar av dansar, du får grunnleggande kunnskap om sjangeren eller målgruppa, og du lærer metodar for å læra bort og leia dans. Gjennom kurset lærer du om kva språk og terminologi som vert brukt innanfor dei ulike dansefamiliane og refleksjon rundt dette.

Påmelding må skje via skjema nederst på denne sida innan torsdag 14. november!

PS: Den ordinære påmeldingsfristen er ute, men det er framleis ledige plassar på kurset. Ta kontakt på [email protected] for å melde deg på.


Om instruktøren: 

Trine Sjølyst er instruktør på kurset! Trine er instruktør i teater og folkedans og har lenge jobba med barn, ungdom og vaksne gjennom ei rekke ulike prosjekt. Ho har utdanning innan drama/teater, folkedans og administrasjon. Ho har leia fleire grupper og har vore omreisande folkedans- og teaterinstruktør i Noregs Ungdomslag. Trine har også vore prosjektleiar og instruktør i Den mangfaldige scenen, i BUL Oslo og i Bygda Dansar. No jobbar ho frilans som folkedansinstruktør, på Larvik Kulturskole og i Larvik Teater.

Som musikar til kurset får me besøk av Jon Brodal. Jon spelar både fele og hardingfele og har utdanning frå folkemusikkstudiet ved Norges musikkhøgskole. Han spelar mellom anna i gruppa VRANG og Stampestuen i tillegg til mange andre prosjekt. Han har spelt mykje til dans og er ein god musikar å ha med på eit instruktørkurs.


Kurstider: 

Laurdag: 09:00-17:00
Sundag: 09:00-15:00

(Med atterhald om endringar). 


Kursstad:  

Gimle, Kong Oscarsgate 18, 5017 Bergen.


Reise og overnatting:

Alle deltakarar er sjølv ansvarleg for å planlegge og betale for eventuelle reise- og overnattingskostnadar. 

Hugs at du som NU-medlem mellom anna har rabatt på hotellkjeden Nordic Choice. 

Til Bergen kan ein reise med t.d. tog eller fly.


Prisar: 

Kurset er sterkt subsidiert frå NU og kostar difor berre 400,- for medlemar i NU. Er du ikkje medlem i NU kostar kurset 800,-, men det kan difor løne seg å bli medlem i NU før ein melder seg på kurset. Ta kontakt så ordnar me det.

Lunsj og kaffi/frukt er inkludert i kursprisen, frukost/middag/kvelds står deltakarane for sjølve.

Er du ikkje medlem i NU, men ynskjer å bli det? Ta direkte kontakt på [email protected] før du fullfører påmeldinga. 

 
Påmelding: 

Påmelding til kurset skjer via xx med siste frist for påmelding torsdag 14. november kl. 23:59.

MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for ev. avlysing etter fristen vert ikkje refundert.

Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med kulturrådgjevar [email protected].


Betal med kort eller få faktura tilsendt til laget (bruk av kampanjekode): 

På denne påmeldingssida betalar ein ved bruk av kort. Dersom ein ikkje skal betale for kurset sjølv, men t.d. ungdomslaget skal dekke kostnadane kan ein nytte kampanjekoden BERGEN i det siste feltet. Då er det viktig at e-post og adresse til den som skal betale fakturaen vert notert i påmeldinga.

OBS: Hugs at du må få ordrebekreftelse på e-post før påmeldinga er gyldig.   


Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon