Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Velkomen til haustfest på Voss folkehøgskule


Voss folkehøgskule inviterer til den årlege haustfesten laurdag  19. oktober 2019. Vossabygda står snart i si finaste haustskurd, og me på Voss folkehøgskule inviterer til ei Vossahelg. 

Det nye skuleåret er starta, og personalet og elevane er komne ut av startblokkane. Me er i gang på linjefaga, fellesfaga og valfaga. Elevane er no blitt vande med å ha 124 sambuarar! Kreativiteten blømer og elevane er i ferd med å oppdage at dette er eit annleis skuleår. Midt i denne oppstarten lagar me ein haustfest, for at foreldre/ nær familie kan få høve til å sjå kva me driv med, og korleis ungdomane har det på skulen. I år er det ekstra mange elevar på skulen. Det er "berre" plass til to gjester til kvar elev. 

Marco Elsafadi vil halde hovudførelesinga i år.  Marco er ein kjend føredragshaldar, programleiar på tv og eldsjel.   Inspirasjonsføredraget hans er like godt mynta på besteforeldre, føresette og ungdom. 

Me har sjølvsagt også heimelaga program på menyen. Kvar linje presenterer innhald om kva dei held på med. I tillegg blir det litt kor, allsong, humor, glede - og eit velsmakande måltid av ekte Vossatradisjon. 


Programmet for laurdag 19. oktober:


Vi har linjetreff i løpet av laurdagen. Då vil foreldre ha besøk på klasseromma til dei ulike linjene. Medan nokre er på linjetreff, har dei andre klassane middag i matsalen. 

Pulje 1 er Data, Data & Friluftsliv, Film & Foto, Verda vi skaper

Pulje 2 er Idrett & Friluftsliv, Ekstremsport og Ekstremsport luft


Kl. 13.00 Bollar, kaffi og saft i peisestova for dei som er komne tidleg til skulen.

Kl. 14.00 Det offisielle programmet byrjar med føredrag med Marco Elsafadi i gymsalen

Kl. 16.30 Middag pulje 1. Vossamat i matsalen

Kl. 16.30 Linjetreff pulje 2

Kl. 18.15 Middag pulje 2. Vossamat i matsalen

Kl. 18.15 Linjetreff pulje 1

Kl. 19.30 Program i gymsalen

Programmet er slutt klokka 21. 


Alle gjestane våre er velkomne til å spise frukost frå kl. 08.30 - 10.00 om sundagen. Den er gratis. Elevane våre betalar ikkje for arrangementet, men gjestar betalar slik at me får dekka honorar til føredragshaldar og bordsete. 

Når det gjeld overnatting sjå www.visitvoss.no/ for ulike alternativ i bygda. 


Velkomen til Voss og haustfesten!


For personalet og elevane ved Voss folkehøgskule


Claus Røynesdal

Rektor


Inspirasjonsføredrag ved Marco Elsafadi:


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon