Norges Fjordhestlag sin landsfinale for unghest 2019
Landsfinalen for unghest 2019 i Stryn 25. august.
100 års jubileum Nordfjord Fjordhestlag.
Landsfinalen for unghest er eit avlsfremjande tiltak i regi av Norges Fjordhestlag. Ei flott samling av unghestar av framifrå kvalitet.
Kriteriet for deltaking er oppnådd karakter 8 eller betre i i heilheit i offisiell klasse på unghestsjå våren og sommaren 2019 for hopper eit, to og tre år. Kravet for eit års hingstar er sløyfe.
Årets landsfinale vert arrangert søndag 25. august i Stryn, Sogn og Fjordane.
Under landsfinalen skal alle inviterte unghestar mønstrast klasse- og einskildsvis i sine respektive klassar. Dei vil få ny dommaromtale (utan talkarakterar), og vert rangerte og premierte.
Det vil vere gåve-/pengepremie til dei beste individa i kvar klasse. St. Hippolyt er hovudsponsor.
Påmeldingsfrist 15. august 2019 (for deltakarar kvalifisert etter denne datoen så snart som råd).