Avslutningsfest Voss folkehøgskule 11. mai 2019

Velkommen til avslutningsfest på Voss folkehøgskule!


Tida har jobba i det stille. I godt selskap går tida fort. Dagar er blitt til eit skuleår, og plutseleg skal vi markere avslutning av skuleåret 2018 - 2019. Ungdomen som kom til oss i haust har mognast gjennom vinter og vår. No skal dei vidare på ferda. Vi ønskjer å invitere familie og vener til vår årlege avslutningsfest i mai. Av omsyn til plass, vil vi oppmode om at eleven helst ikkje inviterer meir enn to gjestar.   


Program laurdag 11. mai 2019

10.00 - 12.00   Elevane har førebuing

12.00 - 14.00   Open skule

14.00 - 15.00   Kaffi og noko attåt i peisestova - for elevar og gjestar

15.00 - 16.00   Linjetreff: Møte på kvar linje med linjelærar, elevar og gjestar

17.30 - 18.45   Festmiddag i matsalen

19.00 - 21.00   Festprogram i gymsalen


Program søndag 12. mai 2019

08.00 - 10.00   Frukost. Alle gjester er invitert. Frukost er inkludert i påmeldinga

12.00               Avreise. So var det omsider slutt, og dags for å reise heim!       


Pris er kr. 275 for vaksen. Kr. 140 for ungdom 13 - 19 år. Barn 0 - 12 år er gratis. Elevane betalar ikkje for avslutningsfesten. 

Vi har ikkje plass til overnatting på skulen. Sjå https://www.visitvoss.no/ for ulike overnattingstilbod. NB: Det er konfirmasjonshelg på Voss, så det er gjerne lurt å tinge overnatting så raskt som råd.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon