Voss folkehøgskule Elevjubileum 2019

JUBILEUM 31.mai - 2.juni  2019

Velkomen til jubileumshelg på Voss folkehøgskule! 


Tida går raskt, og plutseleg er det tid både for å møte gamle skulekameratar - og feire jubileum! Jubileumstreff på Voss folkehøgskule er ein stolt og viktig tradisjon. Vi vonar at du både har lyst og høve til å kome "heim" til skulen din. 

Vi ser det same i år som du truleg opplvede: At ein knyter sterke band til dei ein går på folkehøgskulee saman med. Dette er ofte venskap som varer livet ut. Dessverre er det ikkje alltid slik at ein klarer å halde oppe den kontakten ein ønskjer. Jubileum ein treffstad for gamle vener og eit høve til å mimre.

 

Du jubilerer det kalenderåret du slutta, dvs gjekk du 08/09 har du 10-års jubileum 2019. Desse er spesielt invitert:


5 års jubilantar: 2013-14

10 års jubilantar:  2008-09

15 års jubilantar: 2003/04

20 års jubilantar: 1998/99

25 års jubilantar: 1993/94

30 års jubilantar: 1988-89

osb.

 

Fredag

Innkvartering frå kl. 17.00

Grilling/kveldsmat  kl .19.00

 

Lørdag

Frukost kl.  9-10

Graut kl. 14

Middag kl. 19

Festprogram kl. 21

Talar, innslag frå jubilantar, underhaldning, kor osb.

 

Søndag

Frukost kl. 9-11 m/ nistepakke


Mellom måltider og programpostar er det rom for mingling i og på tvers av kulla, volleyball, korøving etc.. Har kulla spesielle ynskjer er det berre å ta kontakt med "jubileumssjef" Jon Grendahl. 

 

Overnatting

Dobbeltrom 465 kr. pr pers.

Enkeltrom 570 kr.

Pr. natt, inklusiv  frukost og sengetøy

 

Prisar

Alle måltid fredag til og med søndag kr 550,-, inkluderer grilling fredag, graut og festmiddag laurdag og frukost søndag m/niste.

Kun festmiddag laurdag kr 300,-. (Hovudrett, dessert og kaffi, og ei kaffiøkt seinare på kvelden med kake.)



 

Registreringsskjema

Fornavn
 *
Etternavn
 *
E-postadresse
 *
Klasse/kategori
 *
Mobil
 *
Årskull
 *
Overnatting
 *
Måltid
 *
Skriv namn her på den du evt. deler rom med
 *