Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Dansefest: Steinsgårdskroken (NU-helga)

Laurdag 27. april inviterer Noregs Ungdomslag til fest med dans, kaffi, kaker og kulturelle innslag i Storsalen i BLS - Bygdelagssamskipnaden
Denne laurdagskvelden kan du danse i mange timar til Steinsgårdskroken Spell- og Danselag. Dei spelar variert musikk (runddans, pols, springleik, finnskogspols, tango, swing og turdans). Danseleiarane Trine Merete Sjølyst og Torbjørn Bergwitz Lauen sørger for at alle får vere med å danse og leiar oss gjennom turdansar og songdansar innimellom økter med fridans.
Me får også besøk av Teaterlaget i BUL Oslo denne kvelden.

Dansefesten er ein del av den store NU-helga med seminarar, landsmøte og instruktørkurs. Les meir om program for heile helga her: www.ungdomslag.no/landsmote-2019. 
Dansefesten er open for alle.

Adresse: Nordahl Bruns gate 22
Dans frå kl. 20:00
Kaffi og kaker er inkludert i inngangsbilletten.

Pris: NU-medlem 100,-, ikkje medlem 200,-. 
Billettar tingast her eller i døra (kort/kontant).
Landsmøteutsendingane har fri inngang.
Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon