Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Fagsamling om betre drektigheit på hest

Fagsamling om betre drektigheit på hest

Norsk Fjordhestsenter og Norges Fjordhestlag inviterer til fagmøte om reproduksjon på hest. Det er mange faktorar som spelar inn når ei hoppe vert drektig, og vi vil på samlinga få innspel frå ulike fagfelt om korleis ein kan lukkast. Per i dag drektigheitsprosenten svært låg, og ein må arbeide for å auke denne til om lag 70 %. 

Tirsdag 09.04.2019 kl. 18.00 inviterer vi oppdrettarar, veterinærar, hingstehaldarar og andre interesserte til denne samlinga på Norsk Fjordhestsenter. 

Universitetslektor NMBU Caroline Sorknes Haadem, med god kompetanse på reproduksjon, vil ha foredrag om korleis få føl i hoppa, kvifor blir den ikkje drektig og om komplikasjonar og sjukdommar under drektigheit og etter føling.  

Tore Kvam, spesialrådgjevar avl ved Norsk Hestesenter vil presentere status for dei nasjonale rasane, hingsten sin innverknad på drektigheit og om tiltak som kan vere aktuelle. Tore Kvam har lang erfaring med avlsrådgjeving på mange rasar, og har i tillegg eigen hestepraksis med fagområde reproduksjon. 


Program:

18.00     Opning ved arrangør med kort orientering om status på seminstasjonen.

18.20    Caroline Sorknes Haadem, Universitetslektor NMBU: «Korleis får vi føll i hoppa, og kvifor blir ho ikkje drektig?» 

19.00    Tore Kvam, Norsk Hestesenter orienterer om status for dei nasjonale rasane, hingsten sin innverknad på drektigheit og         tiltak som kan vere aktuelle å starte.

20.30     Caroline Sorknes Haadem, Universitetslektor NMBU: «Komplikasjoner og sykdommer hos hoppa under drektighet, og         etter følling»

21. 30     Norges Fjordhestlag, ved avlsutvalet, informerer om ansvaret raselaget har, og kva som må prioriterast frå deira side. 


Pris for deltaking påsamlinga er 500,- kr.

For nærare informasjon ta kontakt med Norsk Fjordhestsenter 

578 64800 eller på [email protected]

 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon