Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Nosework nybegynnerkurs (helg)

Bli med på noseworkkurs!

Nosework er ein hundesport der hunden lærer å søke etter spesifikke dufter i ulike søksområder. Det er ein spennande sport som passar for alle hundar og eigarar, og samarbeidet om søket bygger relasjon og samspel mellom deg og hunden din.

Nosework er vel så interessant som bruk som aktivisering av hund, som for konkurranse. Sporten vart grunnlagt som ein måte å aktivisere særleg omplasseringshundar på, for å lære hundane mestring, drive mental aktivisering og å finne ro.

 

 

Me jobbar med hunden si mestring og forståing av oppgåva, og eigar får lære mykje om å lese eigen og andre sine hundar. Etterkvart innfører me søk på duft.

 

Kurset krev inga førehandskunnskap, og me trenar ein og ein hund, så det passar og fint for hundar som er engstelige eller har problem med å omgåast andre hundar. Hundar som ikkje trener kviler i bilen medan dei ventar.

Kurset går over helg, med teori fredag kl 18, og trening lørdag + søndag frå 10 til ca 15.

Me vil i hovudsak vere i Arna, mulig flytte oss litt rundt - alt etter vær.

 

Ta med gode godbitar og leiker. 

 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon