Valpekurs

Kvalpekurset er ope for alle hundar av alle rasar frå to til sju månader. På kvalpekurset lærer du å trene dei viktigaste ferdighetene som ein god familiehund treng til kvardags. Me jobbar blant anna med:

 

 

Valpekurs

  • Korleis hundar lærar

  • Kvifor trene positivt

  • Gode rutinar ute og heime

  • Kvalpebiting

  • Miljøtrening og sosialisering

 

  • Kontakt

  • Belønningsutvikling

  • Velge vekk forstyrrelsar / sjølvkontroll

  • Ro

  • Innkalling

  • Sitt, stå, dekk

  • Bli / holde posisjon

  • Korleis legge signal på atferd

  • Target

  • Passering

  • Gå pent i bånd

Du vil og lære om miljøtrening og aktivisering av kvalpen.

Det viktigaste med kvalpekurset er imidlertid ikkje kva kvalpen lærer, men kva DU lærer. Vårt mål er at du skal lære prinsipp for effektiv hundetrening, som gjer deg i stand til å takle nye utfordringar på eigen hund etter kurset. Eit kvalpekurs er den beste investeringa du kan gjere i ditt hundehald!

 

På dette kurset bruka vi ein metode som vert kalla «klikkertrening». Klikkertrening er ein utruleg effektiv og morosam treningsmetode. Særleg når du har begynt å klikkertrene hunden frå den er kvalp får du veldig gode resultat. Klikkertrening gjer kvalpen din til ei «læringsmaskin» som elskar å trene og lære nye ting, det vil du ha glede av i resten av hunden sitt liv.

 

Kvalpekurset går over 7 ettermiddagar, frå kl 17:30 til ca 19:30. Første gang er teori utan hund.

 


 

Familiemedlem kan delta på kurset utan ekstra kostnad, med observatør meinar me ein fullverdig deltakar utan hund.

 

Velkomen på kurs!

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon