Jølster Alpin Skiskule 2019


Årets alpinsesong er snart i gang, og Jølster Alpin i samarbeid med Jølster Skisenter tilbyr trening til alle nivå. Våre erfarne skiinstruktørar vil gjere vårt aller beste for at du skal få ei god skioppleving!

Treningane er delt opp i 5 forskjellige grupper ut frå alder og ferdigheit. Fødselsåra nedanfor er rettleiande for Gruppe A og B, men er faste for Nybyrjarkurs og Gruppe C. Det er avgrensa plassar i alle grupper. Påmelding er nedst på sida.

I år som i fjor kan dei som går på Nybyrjarkurs fortsette på Gruppe A.

Vidare informasjon vil kun bli gitt på Facebook gruppa Jølster Alpin Skiskule 2019. Meld deg inn!

  • Nybyrjarkurs

    • Aldersgruppe 2014 til 2010. (fast nedre og øvre aldersgrense)

    • Skiskulen vil ha trening laurdag 5. og søndag 6. januar (kun ei helg)

    • Det vert delt opp i to grupper.

      • Gruppe 1 vil ha treningstid kl 11:00 til 12:30

      • Gruppe 2 vil ha treningstid kl 13:00 til 14:30

      • Informasjon om gruppefordeling vil bli gitt etter at påmeldingsfristen er gått ut. Gruppene blir fordelt etter alder. 

    • Skiskulen høver for deg som ikkje har stått på ski før, eller har stått litt på ski. Grunnleggande skiteknikk med fokus på skitryggleik og moro!

    • Går føre seg i Hauglandsheisen, barneheisen ved mellomstasjonen. 

    • Dei som går på Skiskule kan fortsette på Gruppe A. Du får valg om dette i påmeldinga. Du må velje Skiskule når du melder på, så får du opp val om Gruppe A etterpå.

    • Dersom ein vil fortsette i Gruppe A, så vær merksam på at barn i denne gruppa må kunne køyre heis, og klare seg sjølv i bakken (starte, køyre og stoppe) utan hjelp frå trenar. Eventuelt at ein har med ein ansvarleg vaksen som hjelper dei med dette.


  • Gruppe A

    • Aldersgruppe 2013-2010 (rettleiande)

    • Tidspunkt: måndag 18:15 til 19:45. Oppstart  7. januar og held fram til månadsskiftet mars/april. Treninga vil være i området rundt Hauglandsheisen, og når gruppa er klar for det, vil ein forflytte seg til Familiebakken.  

    • Gruppe A høver for dei som har stått litt på ski frå før. Treninga vil være i Hauglandsheisen, barneheisen ved mellomstasjonen. Treningane vil vektlegge varierte aktivitetar i og rundt traseen, med fokus på skiglede.

    • I denne gruppa må barna kunne køyre heis, og klare seg sjølv i bakken (starte, køyre og stoppe) utan hjelp frå trenar. Eventuelt at ein har med ein ansvarleg vaksen som hjelper dei med dette.


  • Gruppe B

    • Aldersgruppe 2012-2009. (rettleiande)

    • Tidspunkt: måndag og torsdag 18:15 til 19:45. Oppstart så snart bakken opnar. Held fram så lenge det er snø. 

    • Gruppe B høver for dei meir erfarne som meistrar å følgje stor heis.

    • Treningane vil vektlegge alpinferdigheter. Storslalom på måndag i Familiebakken, og slalom i Kvamsbakken på torsdagar. 


  • Gruppe C 

    • Aldersgruppe 2008 - 2003. (fast nedre aldersgrense)

    • Treningstid: måndag og onsdag kl 17:45 – 20:00. Oppstart så snart bakken opnar. Held fram så lenge det er snø.

    • Denne gruppa er for dei som vil trene med sikte på å konkurrere i alpint.

    • Treningane vil fokusere på Storslalåm, SuperG og Slalåm. Hovudsakleg i Kvamsbakken, men av og til i Bjørkelibakken (nedste bakken)


  • Jølster Masters

    • Skitrening for /ungdom/voksne som vil ha det gøy på ski (frå 20 år og oppover). Passar for dei som vil prøve seg i løype med eller utan tid.

    • Ingen instruksjon/trenar. Deltakaravgift, som er kr 100, er til å dekke bruk av utstyr. 

    • Treningstid annakvar fredag kl 18:00 til 20:00. Oppstart 25. januar.



Påmeldingsfrist 04.01.2019. Dersom det er fullt, så send ein epost til jolster.alpin@gmail.com dersom du vil stå på venteliste.

Barn som er i skulealder må kjøpe heiskort.

Vi tek atterhald om snøtilhøve/forhold.

Innmelding i ditt lokale idrettslag: Alle som deltek i organisert aktivitet lyt vere medlem i eit idrettslag. Ein vil då automatisk vere forsikra via NIF si barneidrettsforsikring som gjeld både for alpint, fotball eller andre organiserte idrettar. Meld deg inn her: Jølster IL.

Dersom du er over 13 år og køyrer aktivt på ski, lyt du teikne skilisens for å få forsikring og for å kunne stille til start ved skirenn. Meir informasjon finn du her: Skiforbundet .

Har du spørsmål, ta kontakt med Ørjan Smaadal: 913 33 011, eller send epost til jolster.alpin@gmail.com

Vennleg helsing Jølster IL Alpin og Jølster Skisenter

 

Registreringsskjema

Klasse/kategori
 *
Fornavn
 *
Etternavn
 *
Fødselsår
 *
Foresatt
 *
Adresse
Postnummer
 *
E-post adresse
 *
Gjenta e-post
 *
Mobil
 *
Alpin gruppa treng hjelp både før, under og etter trening til løypestikking etc. Har du lyst og mulighet til å hjelpe til, så sei i frå her. Ditt valg er på ingen måte bindande, men vi veit då kven vi kan spørre. Du kan også melde frå om du har aneldning til å hjelpe til når alpingruppa arrangerer renn.
Medhjelpar?
 *
Eg bekreftar herved at mitt barn vil ha med seg ein ansvarleg voksen under trening, så lenge barnet treng dette. Eg er innforstått med at trenarane ikkje har ansvar for verken heiskøyring, eller at borna greier å køyre ned bakken. (gjeld ikkje Nybyrjarkurs)
 *
 *