Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Velkomen til haustfest på Voss folkehøgskule


Voss folkehøgskule inviterer til den årlege haustfesten laurdag 20. oktober 2018. Vossabygda står snart i si finaste haustskurd, og me på Voss folkehøgskule inviterer til ei Vossahelg. 

Det nye skuleåret er starta, og personalet og elevane er komne ut av startblokkane. Me er i gang på linjefaga, fellesfaga og valfaga. Elevane er no blitt vande med å ha 111 sambuarar! Kreativiteten blømer og elevane er i ferd med å oppdage at dette er eit annleis skuleår. Midt i denne oppstarten lagar me ein haustfest, for at foreldre og søskjen, vener og nær familie kan få høve til å sjå kva me driv med, og korleis ungdomane har det på skulen. 

Samuel Massie kjem tilbake også i år for å halde hovudførelesinga. Samuel er mellom anna kjend frå "Skal vi danse", mannskap på "Berserk" og ulike tv-program.  Samuel er ein sterk ambassadør for folkehøgskulane.  Inspirasjonsføredraget hans er like godt mynta på besteforeldre, føresette og ungdom. 

Me har sjølvsagt også heimelaga program på menyen. Kvar linje presenterer innhald om kva dei held på med. I tillegg blir det litt kor, allsong, humor, glede - og eit velsmakande måltid av ekte Vossatradisjon. 

Programmet for laurdag 20. oktober:

Kl. 13.00 Bollar, kaffi og saft i peisestova på skulen

Kl. 14.00 Føredrag med Samuel Massie i gymsalen

Kl. 17.00 Vossamat i matsalen

Kl. 19.00 Program i gymsalen

Programmet er slutt klokka 21. 


Alle gjestane våre er velkomne til å spise frukost frå kl. 08.30 - 10.00 om sundagen. Den er gratis. Elevane våre betalar ikkje for arrangementet, men gjestar betalar slik at me får dekka honorar til føredrag og bordsete. 

Når det gjeld overnatting sjå www.visitvoss.no/ for ulike alternativ i bygda. 


Velkomen til Voss og haustfesten!


For personalet og elevane ved Voss folkehøgskule


Claus Røynesdal

Rektor



Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon