Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Landsfinalen for unge fjordhopper 2018 i Seljord 16. september.


Landsfinalen for unge fjordhopper er eit avlsfremjande tiltak i regi av Norges Fjordhestlag. Ei flott samling av unghestar av framifrå kvalitet. På biletet ser de vinnaren frå 2017, Birkelid huldra (foto: Jorunn Heggheim)

Kriteriet for deltaking er oppnådd karakter 8 eller betre i i heilheit i offisiell klasse på unghestsjå våren og sommaren 2018.

Årets landsfinale vert arrangert søndag 16. september på Dyrsku'n i Seljord, Telemark.

Under landsfinalen skal alle inviterte unghestar mønstrast klasse- og einskildsvis i sine respektive klassar. Dei vil få ny dommaromtale (utan talkarakterar), og vert rangerte og premierte. 

Det vil vere gåve-/pengepremie til dei beste individa i kvar klasse

Påmeldingsfrist 27. august 2018 (for deltakarar kvalifisert etter denne datoen så snart som råd).


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon