SNIL august fotballskule
Då vil vi ønska alle 1-7. klassingar velkommen til SNIL august fotballskule på Halhjem.
Alle barna vil sjølvsagt spele mykje fotball, der vi delar dei opp i grupper med ymse fotballtemaer;
- pasningsferdigheit
- press- og gjenvinning
- 1 vs 1
- avslutningsferdigheit
I tillegg vert det hurtighetstrening (agility), styrketrening (core), balansetrening, konkurranser m.m.
Og kanskje vi kan få tak i hoppeslott eller liknande denne gongen òg :)
Måndag - onsdag 13. til 15. august
Innsjekk 0830-09:00. Utsjekk 1500-1530
Pris 900 kr for 3 dager
Søskenpris er 800kr for nr 2, 700kr for nr 3, 600kr for nr 4 (100kr i avslag pr søsken)
Alle barna vil få eit måltid + frukt kvar dag. Viktig at vi blir informert om evt allergiar/sjukdommar!
Kiosken vil vere åpen kvar dag frå kl 15. Husk å gi barna en god frokost før dei kjem!
Turnering siste dagen der alle får premie :)
Vel møtt :)