Kokken, bonden og reiselivet

Om du er kokk eller bonde, tradisjonell eller utradisjonell, reiselivsbedrift, utdanningsaktør eller politikar, eller berre glad i god norsk mat – velkomen til Lom! 

Målet med denne konferansen er å skape begeistring og stoltheit på tvers av fagfelta, gi ny motivasjon og samtidig vera med å sikre rekrutteringa til matfaget, landbruket og reiselivet. Konferansa Kokken, Bonden og Reiselivet varer frå lunsj til lunsj tysdag 13.november - onsdag 14. november.

Vi inviterer til erfaringsutveksling og inspirasjon i nasjonalparklandsbyen Lom.

Klikk her for fullstendig program.

PROGRAM:

CLAUS MEYER 

Han reknast som ein kulinarisk gründer, mataktivist, forfattar og TV-kokk. Meyer har vore kjend i Danmark lenge, men vart spesielt kjend internasjonalt etter han var med å starte restauranten Noma i 2004.
Tema for foredraget til Meyer er «Gastronomisk framtid». Meyer får gjerne æra for å ha starta matfilosofien «det nye skandinaviske kjøkkenet».

Meyer har starta fleire firma og organisasjonar; Great Northern Food Hallog reastaurant Agern i New York i 2016, og nyleg Brownsville Community Culinary Center i New York, for å gi fattige unge en ny framtid. Den anerkjende restauranten Gustu i Bolivia er og ein av Meyers suksessar. For andre år på rad arrangerte Meyer med venner Haven Festival i København, ein festival «for sanserne, der vil fusionere eksperimenter i kunst, musik, mad og øl.»

(Foto: Thomas Grøndahl) 

ARNE BRIMI

Vår «eigen» Arne Brimi er sjølvskriven på konferansen. Brimi har fått fleire utmerkingar og prisar for sitt engasjement og formidling av norsk matkultur, og vart utnevnt til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2005. Han har forfatta eit titals kokebøker, driv i dag Vianvang i Vågå og har nyleg kjøpt praktgarden Sundhågån saman med tre datterselskap av Coop-konsernet.

Brimi brenn for gode, gjerne lokale råvarer og ser fram til inspirerande og engasjerande dagar i Lom.

FRU TIMIAN 

Marit Røttingsnes Westlie er best kjend som Fru Timian. Ho vil fortelje om «korleis eg kjem meg inn på kjøkenbenken til mine følgere». Fru Timian er ei engasjert og begeistra matformidlar gjennom bloggen Fru Timian, andre sosiale medier, kurs og foredrag. Ho elsker å samle familien og vener rundt kjøkenbordet både til kvardags og fest. Med oppskriftane sine vil ho inspirere andre til å være kvardagshelter i matlaging.  

ANDERS BRYN 

Anders Bryn er førsteamanuensis ved Naturhistorisk museum (Universitetet i Oslo) og forsker ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). 

Bryn har vore leiar av fleire forskningsprosjekter om kulturlandskap og reiseliv, samt undervist i natur- og kulturbasert reiseliv ved Høgskolen i Innlandet. Bryn har sjølv vore turleiar og reiselivsguide i fleire år, mellom anna i Gudbrandsdalen.

HILDE VEUM-WAHLBERG frå NHO Reiseliv

Hilde Veum-Wahlberg er kommunikasjons- og kompetanserådgiver i NHO Reiseliv. Veum-Wahlberg har reiselivsnæringa i ryggmargen, og brenn for at talenter blir sett og gjeve moglegheit til å vekse og lære. Ho skal halde foredrag under tema «Kompetanse, rekruttering og utdanning».

INGER JOHANNE SVEEN frå Norges Bondelag 

Inger Johanne Sveen frå Norges Bondelag vil fortelle om framtidas kompetansebehov i landbruket.

Sveen har eit stort engasjement for levande bygder - og å gjeva ungdom moglegheiter. 

PÅL KNUTSSON MEDHUS frå Høve Støtt

Vi er heldige som har Pål både som konfransier og foredragshaldar i år. Pål brenn for at folk skal ha gode opplevingar. På ferie, i fritida og på JOBB!

–  Eg brenn for at det enkle og gode blir verdsatt, og skapt verdier rundt. Eg brenn for at lokalsamfunn, små og store skal få være seg sjøl med sitt og sine, og at dette ikkje blir stua bort i eit stort byråkatisk system.. EG brenn for at reiselivsfaget skal få meir oppmersomhet, og bli tikji på alvor, få annerkjennelse og muligheter som gir meining! Vekk med «skrikekokker» frå TV-skjermen med stoppeklokke og sjulte agendar, og fram med det gode!

Pål Knutsson Medhus er utdanna kokk, og bur på farsgarden i Hol. I dag blir han kalla opplevelsespioner og inspirator.

ANITA LØYNING frå Lærlingkompaniet Rogaland

Bransjestoltheit! Det er noko av det Anita Løyning frå Lærlingkompaniet Rogaland brenn for. Ho arbeidar med å rekruttere flinke folk til kokk- og servitørfaget, og gler seg til å ta turen til Lom. Den sprudlande kokken vil spre stoltheit og engasjement for kokkar og servitørar.

KARIN MARIE RØHNE er regionsjef i Nortura, og har heile si yrkeskarriere i landbrukssamvirke. Fyrst i Felleskjøpet, no i Nortura. Røhne brenn for Norsk Landbruk- og næringsmiddelindustri, levande bygder og ein norsk matproduksjon som er trygg, sunn og bærekraftig. 

ELI REISTAD frå Tine. 

ANNA HAUGSTAD AVDEM frå Avdemsbue

HANS BRIMI frå Brimi Sæther

CECILIE ASP frå Formoseter

VÅGÅ TAMREINLAG 

YRKESVAL VED TRE AV DEI: 

Kristian Olav Garmo er ein ung og ivrig gardbrukar, som gjerne vil dele sine tanker og val om det å bli bonde på heiltid. 

Camilla Brendjord Hetland er lærling hjå Arne Brimi på Vianvang, og er glad i enkle råvarer med gode smaker. 

Livia Julia Sauter arbeider hjå BrimiBue, og har lang fartstid og god innsikt i reiselivet i Nord-Gudbrandsdalen. 

Med atterhald om endringar. 

Klikk her for fullstendig program.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon