Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Hoven 1 års fest 19.mai

Det er kun mogleg å kjøpe billett på web fram til 18.mai kl 23.59. 

Den 19. mai vil det kun bli mogleg å kjøpe billett i billettluka på Fjordshopen. Det er framleis billettar igjen.


Loen Skylift og Hoven Restaurant feirar 1 år, og inviterer til fest og moro 19. mai. NB! 18 års aldersgrense

PROGRAM (inkl i billettpris):
17:00-19:00: Registrering og utdeling av billettar
18:00-20:00: Gondolen køyrer gjestar opp
20:00-21.30: Aperitif og "mat-torg"
21:00: Ping Pong klubbens mannskor held konsert
22:00-23.30: Heine Totland & Rock`n Roll Circus spelar på taket
24:00-02:00: DJ Phongsak og god stemning i Hoven Restaurant
03:00: Siste bane ned

OM UNDERHALDNINGA
Ping Pong klubbens mannskor held sin største konsert i si relativt korte historie. Øvinga er i full gong under Endre Bø si kyndige leiing. Vi gler oss!

Etter musikalen "Buddy Holly The Musical", har Heine Totland & Rock`n Roll Circus hatt mange konsertar. Her blir det rock frå 50-60 talet, speleglede, mykje energi og skapar ein perfekt festkveld for gjestar i alle aldrar.

MATTORG
Det blir ulike matstasjonar inne i Hoven Restaurant og utandørs. Her blir det noko for einkvar smak! Mattorg og aperitif ved ankomst er inkludert i prisen.

BILLETTAR (AVHENGIG AV KVA BANEBILLETT DU ØNSKAR/HAR)
Alternativ 1: 1 års fest for dei som har årskort bane, kr 990.

Alternativ 2: 1 års fest med tur/retur billett bane, kr 1390.

Alternativ 3: 1 års fest med dagspass bane, kr 1550. (for dei som ønskar å delta på dagarrangementet "Familiedag på Hoven 19.mai")


Ordrebekreftelse sendast på e-post. Husk å ta denne med ved registrering/utdeling av billett. 

Velkomen til fjells!

 

Registreringsskjema