Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

STORD TOPP 8 - 2018

Velkomen til påmeldingssida til Stord Topp 8 - 27. Mai 2018.

NB! VIKTIG MELDING LAGT UT 25..MAI KL 1330:

Lista over påmeldte som du finn på linken «Vis påmeldte» til høgre vil berre bli oppdatert på fylgjande tidspunkt fram til Laurdag kl 21 då påmeldinga stengjer:

Fredag kl 1700, 2400. Laurdag kl 0900, 1500, 1800, 2100  

Ved påmelding får du kvittering om at du er påmeldt. Sjekk lista etter oppdatering på klokkesletta over  

Skroll ned for å finna registreringsskjema

Turar:
Stord Topp 8 har 3 alternative turar:

Alt 1: 8 toppar
1.Steingjelsheddo 2.Budalsfjedlet 3.Stavalifjedlet 4.Sørliknatten 5.Skårafjellssåto 6.Skårafjedlet 7.Nibbo 8.Stovegolvet

Alt 2: 4 toppar
Som Alt. 1 dei 4 fyrste toppane. Deretter til mål via Sørlileitet, langs Tysevatnet og ned Tyseskaret.


Alt 3 har igjen 2 alternativ:
a) Steingjelsheddo med retur til Vaulane og ned vegen frå demninga.
b) Stovegolvet via trappene i Fossabrekko.

Starttidspunkt:
Det vert individuell start mellom kl 0800 og kl 1000 søndag 27. Mai.
NB! Seinaste passering i Sørlileitet er kl 1430. Kjem du seinare her blir du tatt ut av Topp 8 turen.
For deltakarar med små barn som skal gå 1 topp, dvs Stord Topp 1 er starten mellom kl 1000 og1200.

Påmelding;
Registreringsskjema nedst på denne nettsida. 

Påmeldingsfristen: Laurdag 26. Mai kl 2100.


Påmeldingsavgift:
Topp 8: Vaksne: Kr. 250,-.     Barn: Kr 150,-.   Familierabatt: Born saman med 2 vaksne: Kr. 15,-  

Topp 4: Vaksne: Kr. 150,-.     Barn: Kr 100,-.   Familierabatt: Born saman med 2 vaksne: Kr. 15,-

Topp 1: Vaksne: Kr. 100,-.     Barn: Kr   50,-    Familierabatt: Born saman med 2 vaksne: Kr. 15,-


Etterpåmelding arrangementdagen:
Deltakaravgifta vert auka med kr. 50,- for alle kategoriar.
Betaling:
-VIPPS: Sjå etter VIPPS-nummer og prisar, betal og vis fram kvittering ved registrering.
-Kontant betaling.

Meir om Stord Topp 8.

Søndag 27.mai  arrangerer laget for fjerde gong 8-topp turen "Stord Topp 8".

Toppturen er tilrettelagt slik at alle skal kunna gå han, born, vaksne, familiar. Dessutan kan bedrifter, lag og organisasjonar stilla med så mange deltakarlag dei måtte ønskja, og eventuelt konkurrera innbyrdes. Om nokon tykkjer åtte toppar blir i meste laget, kan dei velja å gå berre dei fire første og så tilbake til mål.

Alle toppane ligg grovt sett rundt Tysevatnet. Dei fire første, som ligg sør, vest og delvis nord for vatnet, er dei lågaste, og har ein svakt fallande høgdetendens frå ein til fire. Dei fire siste, nord-aust for vatnet, er noko høgare, og har ein svakt stigande høgdetendens, med Stovegolvet som toppunkt. Total stigning på turen er ca. 1000 m., og total lengde er ca 17 km.

Start og mål er Lundsæter kraftstasjon, 200 moh.
Første topp er Stengjelsheddo, 529 moh. Stien går bratt opp Stengjelsdalen før terrenget blir meir småkupert mot toppen. Vidare går turen bratt ned Bortnadalen til Vaulane og deretter opp Ravasslio til topp nummer to, Budalsfjedlet, 526 moh. Så vert det ned til Breidalsleitet og opp til topp nummer tre, Stavalifjedlet, 511 moh. Til neste topp går først stien nordover langs Stavalifjedlet og deretter ned til Aravatnet, passerer Aratjødno og stig opp til topp nummer fire, Sørliknatten, 480 moh. Herifrå går det lett ned til Sørlileitet.

Dette blir eit viktig stikryss. Dei som har valt å avslutta etter dei fire første toppane, går no ned til Tysevatnet og følgjer stien langs dette, og deretter opp Steinasmåget og ned Tyseskaret til mål ved Lundsæter. For alle andre går turen nordover mot Store Tjødnadalen, men før sjølve dalen, ved kanten av ei stor myr, går stien bratt sør-austover opp fjellsida til topp nummer fem, Skårafjellssåto, 665 moh. Vidare sør- austover er terrenget småkupert med lett stigning opp til topp nummer seks, Skårafjedlet, 691 moh. Liknande terreng og same retning er det og til den nest siste toppen, Nibbo, 700 moh. Siste toppen, Stovegolvet, 703 moh., ligg i sørleg retning frå Nibbo, og i rimeleg lettgått terreng.

Den tilrådde turen attende til mål går først nord-austover langs ryggen av Stovegolvmassivet, deretter ned mot Fossabrekko og på skrå ned denne til stikryss, så sørover til Kyviksæter og Lundsæter. Svært mange av dei som har vore oppe ved det restaurerte tårnet på Stovegolvet, har brukt denne skråvegen.

Stord-Fitjar turlag satsar mykje på at turen skal vera trygg for alle. Difor plasserer me vakter med førstehjelpskompetanse på alle toppane, og ved Aravatnet blir det saftstasjon.

 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon