Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Basiskurs i teaterleiing og regi AVLYST


Velkomen til basiskurs i leiing og regi med Morten Rudå, 28.-29.april 2018 i Oslo 


Påmeldingsfrist onsdag 11.april 


høve NU si Landsmøtehelg i Oslo 27.-29.april 2018 skipar Noregs Ungdomslag til eit nasjonalt instruktørkurs i leiing og regi 28.-29.april. 


Instruktørkurset går over 12 timar laurdag og sundag og skjer parallelt med landsmøtet. Det vil seie at du ikkje kan delta på både landsmøte og instruktørkurs. 

Laurdag kveld er det festmiddag på Scandic Hotel St. Olavs plass og dansefest i BLS med Vegar Vårdal, Patrik Andersson og Åsmund Reistad. Festmiddagen er open for landsmøtet og kursdeltakarar, medan dansefesten er open for alle andre også. 
 
Om kurset: 
Kurset gir ferske instruktørar dei grunnleggjande ferdigheitene til å kunne drive som instruktør i sitt lokallag. Dette kurset tek difor for seg både leiing og regi slik at deltakarane får ei klarare forståing for kva dei ulike rollene inneber og korleis dei skal takle alle dei ulike oppgåvene.

Om instruktøren: 
Instruktør er Morten Rudå. Han er skodespelarutdanna frå The American Academy of Dramatic Arts i New York, og er utdanna teaterpedagog frå Kunsthøgskolen i Oslo der han no underviser i rolleformidling. Rudå har vore instruktør for Noregs Ungdomslag i ei årrekkje og bruker Meisnerteknikken som metode.

Målgruppe:  
Kurset er ope for deg som har instruert ein del før, men også for deg som ikkje har instruert tidlegare og som er nysgjerrig på instruktørrolla.  

Kurstider: 
Laurdag 09:00-16:00 
Sundag 09:00-15:00 

Festmiddag laurdag 18:00 
Dansefest laurdag 20:00 

(Med atterhald om endringar). 

Kurslokale:  
BLS (Bygdelagssamskipnaden), Nordahl Bruns gate 220165 Oslo 
 
Prisar: 
Kurs (medlem i NU) 400,- 
Kurs (ikkje-medlem) 800,- 
Overnatting i enkeltrom fre-sun 2580,- 
Overnatting i enkeltrom laur-sun 1290,- 
Overnatting i dobbeltrom fre-sun (pris per pers) 1490,- 
Overnatting i dobbeltrom laur-sun (pris per pers) 745,- 
Festmiddag laurdag 495,- 

Dansefesten laurdag kveld, lunsj og kaffi/frukt begge dagar er inkludert i kursprisen. 

Er du ikkje medlem i NU, men ynskjer å bli det? Ta direkte kontakt på [email protected] før du fullfører påmeldinga. 

 
Påmelding: 
Påmelding til instruktørkurset skjer via https://www.deltager.no/basiskurs_i_leiing_og_regi_28042018 Kurset har eit avgrensa tal plassar, så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er onsdag  11. april. 

Spørsmål om kurset kan rettast til [email protected] 

Betaling: 

På denne påmeldingssida betalar ein ved bruk av kort. Dersom ein ikkje skal betale for kurset sjølv, men t.d. ungdomslaget skal dekke kostnadane kan ein nytte kampanjekoden FAKTURA LM i det siste feltet. Då er det viktig at e-post og adresse til den som skal betale fakturaen vert notert i feltet for merknadar/allergiar. 



OBS: Hugs at du må få ordrebekreftelse på e-post før påmeldinga er gyldig.   


Registreringsskjema