Oppdrettarkonferanse 2018
Sted: Norsk fjordhestsenter
Startdato : 16.03.2018 18:00
Legg til i kalender
Kontaktperson for arrangementet:
Asle Espe
Tel: 48038338
post@norsk-fjordhestsenter.no

Oppdrettarkonferanse 2018

Norsk Fjordhestsenter ønskjer velkomen til spennande kursdagar med fokus på avl, foring, eksteriør, helse og sjukdomar. Vi håpar at oppdrettarkonferansen skal engasjere heste-interesserte frå heile landet til å delta, og gje ei vitamininnsprøyting i forkant av årets avls og utstillingssesong.

Flinke foredragshaldarar skal gje oss god oppdatering på mange felt. Førstelektor ved Veterinærhøgskulen, Siv Hanche- Olsen har svært god kompetanse på indremedisin på hest, og ho har doktorgrad på polynevropati (silosjuke) på hest. Ho har tidlegare arbeidd på Veterinærhøgskulen i Sverige  og på Bjerke Dyrehospital.

Fagkonsulent i Felleskjøpet  Jenny Johnson gjev gode tips om rett foring, og St. Hippolytt stiller med fagkonsulent Marianne Sønderkjær i tillegg til Kennet Stenbro.

Susan Hellum har vore kurshaldar på mange kurs tidlegare på Norsk Fjordhestsenter, og ho vil formidle om eksteriør og fjordhesten sine preferansar. Alle som har vore på kurs med Susan er imponert over hennar store kunnskap om hest og hennar evne til å motivere og begeistre.

Det å ha hingst i avlsteneste krev kunnskap på mange område. Hingst og hoppe sine instinkt og si adferd, foring og trening er viktige tema å ha kunnskap om. Hingstehaldar  med lang røynsle og god kompetanse,  vil dele sin kunnskap med oss.

På søndag ettermiddag blir det orientering og salspresentasjon av hestane som har vore med i ein 8 vekers utdanningsperiode.

Her er programmet for konferansen. 

Fredag

18.00             Opning og registrering

18.15-19.15 Korleis fore hesten riktig med praktiske og kostnadseffektive løysingar ? 

                   Jenny Johnsen, fagkonsulent i Felleskjøpet, skildrar hesten sitt behov for grovfor og påfyll med ekstra energi frå kraftfor      

19.15-20.00 Utval av gode individ til avl og bruk. Ved Susan Hellum  

Laurdag.

9.00-10.30   Foring av hest med tanke på  oppdrett, aktiv bruk og optimal helse.

                      Ved fagkonsulent Marianne Sønderkjær. St. Hippolytt.

10.45-12.30  Hingsten i avlsteneste – kva treng vi å vite om instinkt, handtering, rutiner, foring og trening.

12.30-13.30  Lunsj

13.30-14.30  Magesår og kolikk på hest. Diagnostisering, behandling og forebygging. Ved førstelektor Siv Hanche Olsen.

14.45 -17.00 Vektlegging på potensialet til unghestar. Ei samling av unghestar blir vurderte i ridehallen med omsyn til eksteriør og utviklingsstadium . Ved Susan Hellum.

17.00- 18.00 Mi erfaring med fjordhesten gjennom mange år som dommar ! Ved Susan Hellum        

 

Søndag.

9.00-10.00   Polyneuropati/ Silosjuke på hest. Erfaringar frå forsøk og forebygging av sjukdomen. Ved førstelektor  Siv Hanche Olsen.

10.00-11.00  Praktiske råd til eit godt oppdrett av fjordhest. Kva kan raseorganisasjonen Norges fjordhestlag bidra med I rådgjevingsarbeidet ! Ved Vidar Heggheim styremedlem I NFL og leiar i avlsutvalet.                     

 11.15-11.30  Evaluering og spørsmål 

12.00-16.00 Presentasjon av salshestar i unghestprosjektet.


For nærare informasjon ta kontakt med Norsk Fjordhestsenter 578 64800 eller på post@norsk-fjordhestsenter.no. Pris for deltaking på kursdelen er kr.1200,- inkludert lunsj laurdag og søndag.


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon