Glesværløpet 2017

Bli med på Glesværløpet søndag 29. oktober! Ei fin haustoppleving for små og store, mosjonistar og konkurranseløparar. Løypa er 4.3 km og går rundt i kystmiljøet på Glesvær mellom gamle naust, på velbrukte gardsvegar, litt asfalt og litt sti. Du kan konkurrere på tid eller gå i turklassen og vere med på løyperebusen til Sund turlag. Løpet starter og ender ved Glesvær kafè, med påmelding og premieutdeling i naustet til Bakke. Parkering på baksida av kafeen.
Alle får saft og t-skjorter når dei kjem i mål, og det blir også trekt ut premiar på startnummera.

Løpet er eit samarbeid mellom Glesnes ungdoms- og idrettslag og Sund turlag https://www.facebook.com/SundTurlag/ og sponsa av Glesvær rorbuer, Handelstaden Glesvær, Glesvær kafè, Sotra fiskeindustri, Glesværbadet og Bogen fiskeri A/S.


Påmelding frå kl. 11.30 i naustet til Bakke ved Glesvær kafè.


START:

• Kl. 12.15 Turklasse

• Kl. 12.45 Konkurranseklasse ungdom (opp til 15 år)

• Kl. 13.00 Konkurranseklasse vaksen


Deltakaravgift.

Konkurranseklasse /Vaksne

Forhåndspåmelding kr. 200,-

Påmelding ved start kr. 250,-


Ungdom t.o.m. 15 år

Forhåndspåmelding kr. 150,-

Påmelding ved start kr. 200,-


Turklasse

Vaksne: kr. 70,-

Barn: kr 50,-

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon