Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Klinikk med Morgan Johnsson om eksteriør og gangartar

Norsk Fjordhestsenter inviterer til klinikk med ein av nordens mest profilerte eksteriørdommarar. Morgan Johnsson frå Sverige har i ei årrekke dømt mange hesterasar og er av dei som dømmer flest hestar kvart år. Vi vil få ein gjennomgang av eksteriøret sin innverknad på rørslene. Det blir ein  teoridel og ein praktisk del i ridehuset. Det blir lagt vekt på at ein gjennom praktiske demonstrasjonar skal få god oppdatering og kunnskap om temaet.  Deltakarane har høve å ta med sin eigen hest til vurdering. Maks ti  hestar til vurdering så prinsippet førstemann til mølla gjeld.

Det blir sett eit tak på 30 deltakarar så ver rask ute med påmeldinga. Til orientering blir det arrangert føllskue laurdag ettermiddag   på Norsk Fjordhestsenter. Arrangør er Eid Fjordhestlag og Norsk Fjordhestsenter. For nærare informasjon om kurset og aktivitetane denne helga, ta kontakt med Norsk Fjordhestsenter på tlf. 57864800 eller [email protected].

 

Registreringsskjema