Landsfinalen for unge fjordhopper 2017 i Seljord 10. september.

Landsfinalen for unge fjordhopper er eit avlsfremjande tiltak i regi av Norges Fjordhestlag. Ei flott samling av unghestar av framifrå kvalitet.

Kriteriet for deltaking er oppnådd karakter 8 eller betre i offisiell klasse på unghestsjå våren og sommaren 2017.

Årets landsfinale vert arrangert søndag 10. september på Dyrskun i Seljord, Telemark.

Under landsfinalen skal alle inviterte unghestar mønstrast klasse- og einskildsvis i sine respektive klassar. Dei vil få ny dommaromtale (utan talkarakterar), og vert rangerte og premierte. 

Det vil vere gåve-/pengepremie til dei beste individa i kvar klasse!


 

Registreringsskjema