Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Opninga av laksegiljene på Askildneset (M/S Bruvik)

Laurdag 19. august vert det storslagen opning av dei nye Laksegiljene på Askildneset i Osterfjorden. Bli med M/S Bruvik på fjorden denne dagen. Pris kr 390,- per deltakar. Kan bestille sjømattallerken. Drikke kan kjøpast ombord. 

Bruvik går frå Bergen 9:30, Frekhaug 10:05, Salhus 10:15, Knarvik 10:30 og Hamre 10:45. 

På grunn av at D/S Oster ikkje har fleire ledige plassar, vil M/S Bruvik også ta med passasjerar frå Tysse kl. 11:30.

Båten ligg ved Askildneset frå kl. 12:00 -14:00. Opning ved ordførar Jarle Skeidsvoll. Talar. Musikk ved Fotlandsvåg Musikklag. Song ved Ingvill Spilde.

Dei som ønskjer det, kan bli frakta i land for å sjå nærare på laksegiljene og høyre om korleis ein fiska laks med sitjenot. 

Alle med båt i området vert inviterte til å delta på fjordafesten.

Ver snill og gjer denne opplevinga kjend for andre, slik at vi får størst mogleg oppslutnad om arrangemenet.

Desse har gjeve økonomisk stønad til restaureringsarbeidet av laksegiljene på Askildneset: Hordaland fylkeskommune, Kulturminnefondet, Lerøy Vest AS, Ola og Solveig Rundshaug Antikvariske Vernefond, Stiftinga Indre Hardanger Kulturvern, Stiftinga Johannes og Håvard Seim, Stiftelsen UNI, Tysse Mekaniske Verksted og Vestenfjeldske Bykreditts Stiftelse.

SeaCamp AS er med å garantere for MS Bruvik til denne turen.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon