Dialogmøte om utviklingsplan HMR HF

Dialogmøtet 30.oktober 2017 arrangerast med bakgrunn i utviklingsplanarbeidet for Helse Møre og Romsdal HF.
Høyringsutkast for utviklingsplanen blir lagt fram for styret HMR 25. oktober. Offentleg høyring frå 26.oktober -7. desember (tentativt). 

Målgruppe: Politisk-, administrativ- og fagleiing  i kommunane, styret, administrativ- og fagleiing i helseføretaket. Relevant fagpersonell i kommunane og helseføretaket.
KS, Fylkeskommunen og Brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal HF. Utdanningsinstitusjonane i Møre og Romsdal.

Mål: Presentasjon, dialog og forankre utviklingsplanen. Avklare vidare arbeidsprosessar for å konkretisere arbeidet med mål om handling. 

Dialogmøtet vert arrangert på Scandic Seilet hotell i Molde og det vert bestilt dagpakkar til alle deltakarane.
Arrangementet har inga kursavgift og inkluderer lunsj. 

Program
Program er godkjent av styringsgruppa etter forankring og innspel frå brukarutvalet og Overordna samhandlingsutval i Møre og Romsdal.


10.00 - 10.10   Velkomen v/ Anders Riise, leiar Overordna samhandlingsutval og Espen Remme, adm.dir HMR
10.10 - 10.30   Utviklingsplanen i eit brukarperspektiv v/ Ingrid Løset, leiar Brukarutvalet HMR
10.30 - 11.30   Samhandlingsperspektivet – identifiserte utviklingsområder;
  - Barn og unge v/ Marianne Rønneberg, fastlege Tingvoll kommune og  praksiskonsulent HMR
  - Prioritere psykisk helsevern og rusbehandling v/ Kari Marie Remø Nesseth, avdelingssjef tverrfagleg spesialisert rusbehandling HMR
- Styrking av akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus  v/ Sindre Klokk, fastlege Ålesund kommune og praksiskonsulent HMR
- Forsking, Innovasjon, Utdanning og Kompetanse (FIUK) v/ Berit Kvalsvik Teige – forskingssjef HMR
- Framtidsretta pasientforløp for den eldre multisjuke v/ Britt Valderhaug Tyrholm, samhandlingssjef HMR
11.30 – 12.00   Paneldebatt og diskusjon
12.00 – 12.45   Lunsj
12.45 – 13.15   Føretaksperspektivet
- Kort status for dei prioriterte områda v/ Jo-Åsmund Lund, fagdirektør HMR
- Desentralisering av tenestetilbod inklusiv avtalespesialistar v/Stian Endresen, fastlege Ulstein kommune og praksiskonsulent HMR
13.15 – 13.30   Plenumsdiskusjon
13.30 – 13.50   Læring og meistring – korleis styrke brukarane via lærings- og meistringstiltak slik dei kan meistre eige liv best mulig, til tross for sjukdom? v/ Jan Ole Bolsø, rådgivar lærings og meistringssenteret
13.50 – 14.05   Plenumsdiskusjon
14.05 – 14.15   Beinstrekk
14.15 -  14.35   Helseplattformen som drivar for helsetenesteutvikling? v/ Anne-Lise Major, prosjektleiar HMR
14.35 – 15.20   Gruppearbeid og plenumsdiskusjon
• Med bakgrunn i dei prioriterte utviklingsområda - Korleis gå frå plan til handling?
• Med bakgrunn i gjennomført utviklingsplanprosess - Korleis kan kommunane, helseføretaket og brukarane oppnå legitimerande planprosessar for framtida?
15.25 – 15.30  Avslutning og vel heim


Viktig beskjed om avmelding:

For å sikre eit rett tal på dagpakkar, er det viktig at du gir beskjed dersom du likevel ikkje kan delta. Avmelding skjer ved e-post til kontaktperson Lena.Bjorge.Waage@helse-mr.no 


Påmelding på skjema under:

 

Registreringsskjema