Jølster Rundt 2017


Førde CK inviterer til Jølster Rundt sundag 28.mai 2017

Start og mål:  Slåtten Skule, Førde.  

Trimklassen (utan tid) har fortløpande start mellom kl 08:30 og 09:15.

Turrittet (med tid) startar i puljer frå kl 09:40.
Alle som er 17 år og eldre kan delta i turrittet. 
 
Oppmøte seinast 1 time før start.  

Rittleiinga tar atterhald om å slå saman tidspuljer.  Grupper som ønskjer å sykle saman må velje tidspulje før påmelding og organisere seg slik dei ønskjer bak startbilen innan tidtakinga startar.  

Alle må ha lisens, enten aktiv gjennom klubb eller eingongslisens. NCF sine reglar for turritt gjeld.

Garderobe og sekretariat på Slåtten Skule. Sekretariatet opnar 08:00 og stenger kl 09:10.   

Løypa for turklassen er ca 90 km. Start på Slåtten skule, roleg ut på Angedalsvegen og skarp til venstre over Fossabrua mot Kronborg etter ca 300 meter.  Så ca 1500 meter til rundkøyring på Kronborg/Hafstadflata og inn til venstre på E39 mot Jølster.  Tidtakinga startar på E39 etter frislepp frå følgjebilen 100 meter etter rundkøyringa.  Følg E39 til Vassenden (22 km), på Vassenden tek ein til høgra over ei smal bru og så til venstre langs sørsida av Jølstravatnet.  Syklistane kjem inn på RV5 ved Kjøsnes rett før Skei. Gjennom rundkøyringa på Skei (47 km), inn på E39 og ein følgjer E39 tilbake til Førde.  

Trimklassen utan tid syklar til Vassenden, svinger av til høgre mot sørsida av Jølstravatnet og snur utanfor E39.  Dei som ønskjer det kan også fortsette rundt Jølstravatnet.

Etter målgang får alle varm mat og frukt/saft.

Pris ved påmelding er kr 350 (same pris som tidlegare år) med tid og  150 i trimklassen, i tillegg kjem eingongslisens kr 150 eller kr 50 om du ikkje har årslisens.

Du betalar med Visa-kort, Kredittkort eller VIPPS  til slutt i påmeldingsprosessen. 

Høve til etterpåmelding ved start:  Pris då kr 550 + evt eingongslisens 150 i turklasse, og 200 + evt eingongslisens kr 50 i trimklasse utan tid.

Rittleiar: Kai Ytterhaug,  mob 92644128 



Sjå meir om rittet på  
Førde CK sine nettsider www.fordeck.org  og på vår facebookside

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon