Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Lordemarsjen 2017


Laurdag 5.august går den 23 utgåva av Lordemarsjen. Lordemarsjen er en flott tur i et majestetisk terreng mellom Raggsteindalen og Haugastøl. Turmarsjen går frå Raggsteindalen, som ligger nord for Hallingskarvet, og over Folarskaret og ned til Haugastøl turistsenter ved RV 7. Etter ca 9 km kjem ein til Lordehytta som er det høgste punktet på turen, 1620 meter over havet.  Sjølve turen er ca 21 km og føl ein fin og merka stig. På turen kryssar du Hallingskarvet  Nasjonalpark som vart oppretta i 2006.

Det er ei bratt stigning frå Folarskarvatnet og opp til Lordehytta. Også her går du i ein fin stig, men er du litt oppi åra eller litt ustø, kan det vera lurt og ha med seg stavar på turen. Gløym heller ikkje å ta med deg kart, kompass, godt med klær og gode sko. Barn under 16 år skal gå i følgje med ein vaksen.

Det er lov å ha med hund både på turen og ombord i bussen, men du er pliktig til å ha hunden i band under heile turen. Dette er viktig både med omsyn til andre som går turen og fordi du kjem til å møte på  dyr på beite. ( Sau, hest og kanskje reinsdyr )

På bussane blir det med ein person frå Hol Historielag som vil fortelja litt om turen over fjellet, kva du ser langs ruta inn til Raggsteindalen og litt om Lorden som fekk bygd Lordehytta. Det blir også i år musikk i målområdet. 

Det har vore ein auka oppslutnad om Lordemarsjen dei siste åra, arrangøren har derfor sett et øvre tak på 250 deltakere. Dette gjer vi av omsyn til tryggleiken til dei som går turen. 

Påmelding foregår via deltager.no. Pris for påmelding før 15 Juli er 350,- Pris etter 15 Juli er 450,- Påmeldingen vil bli stoppa når vi har 250 deltakere. Deltakeravgifta dekker transport i tillegg til at du får deltakermerke.

Alle som deltek blir transportert med buss til start i Raggsteindalen. Under ser du busstider:

AvgangTid
Haugastøl08:00
Ustaoset08:15
Geilo stasjon        08:30
Hagafoss08:45
Hovet

09:00

Du kan stå langs riksvegen og stoppe bussen ved å gi deg til kjenne.  Det er mogleg og køyre bil til Haugastøl om morgonen for så å gå på bussen der og ta eigen bil heim etter marsjen. For dei som ikkje har eigen bil, er det satt opp returbuss med avgang frå Haugastøl kl 18:00. Bussen går heilt til Myrland.

 

Registreringsskjema