Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Grunnleggande instruktørkurs i Bergen 27.-29. januar

Grunnleggande instruktørkurs i Bergen 27.-29. januar 2017

I samarbeid med Bergen ungdomslag Ervingen arrangerer me grunnleggande instruktørkurs i Bergen siste helga i januar. Same helga er det dans-og spelemaraton og samdansøving til barnestemna, så alt er duka for ei fin og mangfaldig dansehelg i Bergen!

Om kurset:

På det grunnleggande instruktørkurset lærer du eit repertoar av dansar, du får grunnleggande kunnskap om sjangeren eller målgruppa, og du lærer metodar for å læra bort og leia dans.

På kurset kjem me óg til å vera med på samdansøvinga til barnestemnet.

Om kvelden er det dans-og spelmaraton i ungdomslaget. Dette er ei årleg tilskiping der ein samlar musikarar (solistar, grupper, spelemannslag) for å spela til dans om lag 30 min kvar. Det betyr at det kjem til å vera variert dansemusikk heile kvelden. Maratonen er sjølvsagt årets kjekkaste uthaldsløp for dansarar!

Maratonen går føre seg frå klokka 19 til 24. I tillegg til dans er det både kafé og sjanse til å vinna ein liten premie heim basert på inngangsbilletten. Billetten er inkludert i kursprisen.

 

Om instruktørane: 

På kurset har me heile 3 instruktørar som vil spreie dansekunnskapen sin til deg. Hovudinstruktør er Siri Strige. Siri kjem frå Bodø, arbeider som barneskulelærar til vanleg og har lang erfaring frå å undervise folkedans til ulike målgrupper. Med seg har ho Maria Skjeldrum Toppe og Silja Solvang. Maria og Silja har vore med på prosjektet Meisterinstruktør og -elev i NU. Dei  har begge erfaring frå Bergen ungdomslag Ervingen, som dansarar, spelekvinner og instruktørar. Maria arbeider som musikkterapeut i Bergen kommune og Silja går på sjukepleiarutdanning. Maria vil i tillegg til instruktør vera spelekvinne på kurset. 

Målgruppe for kurset: du som har dansa ein del eller mykje og vil bli/ er instruktør. På kurset vil me gjerne ha ein blanding av folk med instruktørerfaring og folk som er heilt ferske.

Kurstider

Fredag klokka 19-21

Laurdag klokka 10-17

Sundag klokka 10-14

Det vert lønsj begge dagar 12.30. Lønsjen er inkludert i kursprisen

Kurspris:

400 for medlemer i Noregs Ungdomslag

800 for ikkje-medlemer i Noregs Ungdomslag

Lokale: Gimle, Kong Oscarsgate 18,5017 Bergen

Overnatting: Deltakarane tingar overnatting sjølve. Bergen ungdomslag Ervingen har avtale med Hordaheimen som deltakarane kan bruka.

Enkeltrom : 695,- og dobbeltrom : 895,-

Alle tingingar kan gå via Ann Rita på Hordaheimen. Oppgje kode: folkedans. Nå Ann Rita på annrita(a)hordaheimen.no, tel: +47 55 33 51 04 eller mobil +47 98 04 42 68

 


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon