Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

AgroNordVest

Dyrking og fôring for framtida –  AgroNordVest 2016

 

Fredag den 21.oktober 2016 på Scandic Sunnfjord Hotel, Førde

 

Program

10:00   Frammøte, registrering og kaffi/rundstykke

10:30   Opning

ved Anders Felde (leiar Sogn og Fjordane Bondelag)

10:40  Status for jordbruksareal i drift i Sogn og Fjordane

v/Christian Rekkedal (Landbruksdirektør, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)

11:00   Kvifor skal det produserast mat i Sogn og Fjordane?

v/ Nils Vagstad (NIBIO)

 

12:00   Lunsj

 

13:00   Val av grasartar i Sogn og Fjordane ved ein lengre og våtare vekstsesong

v/ Liv Østrem (NIBIO)

13:30   Korleis ta vare på grovfôret du har hausta?

v/Jan H. Kingsrød (Produktsjef konservering, Felleskjøpet)

14:00   Kva kostar eigentleg grovfôret ditt?

v/ Jo Helge Sunde (TINE/Storfe- og mjølkeprosjektet i Sogn og Fjordane)

 

14:45   Kaffipause med noko godt

 

15.15   Kva potensiale har vi for bruk av beite?

v/ Bjørn-Harald Haugsvær (Ass. Landbruksdirektør, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)

15:45   Oppsummering og avslutning

v/Christian Rekkedal

 

Påmelding via www.deltager.no innan 29. september.  Søk fram arrangementet ved å søke med ordet AgroNordVest.  Har du problem med denne påmeldingsløysinga, send sms til 97517633, så vert det teke kontakt etter sommarferien. Eventuelt kan du ringe 57 83 70 80 etter 8. august

 

Påmeldingar er bindande.   Eigenandel for deltaking er kr. 200, og dekker seminar og servering J

Tekstboks:
Christian Rekkedal
Nils H. Vagstad
Liv Østrem
Jan H. Kingsrød
Jo Helge Sunde
Bjørn H. Haugsvær
Innleiarane

 

Christian Rekkedal er landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Han er utdanna sivilagronom og har arbeidd med landbruk, plan- og miljøsaker, først i Hordaland og deretter her i fylket. 

 

 

 

Nils Vagstad er adm. direktør hos Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO). Han er utdanna ved Norges Landbrukshøgskole og har hatt ulike leiarroller i norsk forsking. Han har brei erfaring frå landbruks- og miljøforsking, og har vore ein pådrivar for å utvikle og styrke internasjonale forskningssamarbeid.

 

 

Liv Østrem er forskar ved NIBIO si avdeling på Fureneset i Fjaler. Ho jobbar med utviklingsarbeid og forsking innan grovfôrdyrking og kulturlandskap, og tilpassingar til eit klima i endring. På oppdrag frå planteforedlingsfirmaet Graminor AS er Fureneset ein vestleg utprøvingsstad for gras.

 

 

 

 

Jan Håvard Kingsrød er produktsjef for konservering i Felleskjøpet Agri. Han jobbar med ensileringsmidlar og rundballeplast i form av innkjøp, produktsortiment, fagleg støtte med meir. Særleg oppteken av å auke sjølvforsyninga frå eigen gard ved å utnytte grovfôret maksimalt.

 

 

 

 

Jo Helge Sunde har jobba i TINE sidan 1991, fyrst som distriktssjef og seinare frå 2004 som prosjektleiar for Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane. Frå frå 2007 har han óg vore prosjektleiar for Storfeprosjektet på Sunnmøre. I dette arbeidet har han praktisert å vere veivalgsrådgjevar, økonomirådgjevar med mål om å hjelpe bønder som ønskjer å satse på framtida

 

 

 

 

Bjørn-Harald Haugsvær er assisterande landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og jobbar med forvaltning av landbruket sine arealressursar. Bjørn-Harald er mellom anna sekretær i styringsgruppa for storfeprosjektet i Sogn og Fjordane, og har hatt ei aktiv rolle i prosjektet «Sau i pluss».

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon