Jølster Rundt 2016

Førde CK inviterer til Jølster Rundt sundag 29.mai 2016

Start og mål:  Hafstadparken, Førde.  

Trimklassen (utan tid) har fortløpande start mellom kl 08:30 og 09:15.

Turrittet (med tid) startar i puljer frå kl 09:40. 
Alle som er 17 år og eldre kan delta i turrittet (på tid).  
Oppmøte seinast 1 time før start.  

Rittleiinga tar atterhald om å slå saman tidspuljer.  Grupper som ønskjer å sykle saman må velje tidspulje før påmelding og organisere seg slik dei ønskjer bak startbilen innan tidtakinga startar.  

Alle må ha lisens, enten aktiv gjennom klubb eller eingongslisens. NCF sine reglar for turritt gjeld.

Garderobe og sekretariat i FIL huset, Hafstadparken.  Sekretariatet opnar 08:00 og avsluttar kl 09:00.   

Løypa er ca 90 km. Start i Hafstadparken, roleg ut på E39 via rundkøyring på Hafstadflata.  Tidtakinga startar på E39.  Følg E39 til Vassenden (22 km), deretter tek ein sørsida av Jølstravatnet til ein kjem inn på RV5 ved Kjøsnes rett før Skei. Vending på Skei (47 km), og ein følgjer E39 tilbake til Førde.  

Trimklassen går til Vassenden, svinger av mot sørsida og snur utanfor E39.  Dei som ønskjer det kan også fortsette rundt Jølstravatnet. 

Etter målgang får alle varm mat og frukt/saft.

Rittleiar: Kai Ytterhaug,  mob 92644128 


Høve til etterpåmelding ved start:  Pris då kr 500 + evt eingongslisens 150 i turklasse, og 200 + evt eingongslisens kr 50 i trimklasse utan tid.

Sjå meir om rittet på 
Førde CK sine nettsider www.fordeck.org 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon