Deltager.no er blitt LetsReg- Norges ledende påmelding og betalingsløsning

Stormsamling 2015

Påmelding til haustens padlehøgdepunkt er no i gang, den 25 til 27 september gjentek Askvoll Padleklubb suksessen frå tidlegare år og arrangerer Stormsamling i Bulandet. Sponsorar er Njord og God Tur.

Som dei siste åra vert Stormsamlinga arrangert som ein samling der det sosiale rundt padlinga er det viktigaste. Sidan samlinga på kveldane vert i Floren hos Liv Turid har vi berre 46 plassar tilgjengelege. Så her gjeld det å hive seg rundt og melde seg på!

Det vert arrangert grunnkurs og teknikkurs, medlemmar frå Askvoll padleklubb vil tilby guida turar rundt om i Bulandet begge dagane. For å vere med på samlinga, må du betale for stormpass (gjeld berre dei som ikkje skal vere med på kurs).

Vi samlast i Floren til ei orientering på fredag kvelden kl 21.00, slik får vi med dei som kjem med ferga kl 19.15 frå Askvoll.

Det vert ein tradisjonell Stormsamlingsmiddag, kaffi og dessert i Floren på laurdag kveld,denne er inkludert i prisen, drikke til maten må kjøpast. Etter middagen viser vi innsamla bilete frå dagen.

Totalt har vi 30 stormpass, 8 plassar på grunnkurs, 8 plassar på teknikkurs. Til saman 46 plassar. Minimum 4 deltakarar på kursa.

Vi har sett ei aldersgrense på 18 år. Personar under må vere i følgje med føresette.
Overnatting må kvar enkelt ordne med sjølv, sjå på Bulandet Grendalag for hytter og liknande, http://bulandet-grendalag.org/

Ferjetider finn de på www.ruteinfo.net, hugs at vi har fått ny bru sidan sist, det kan køyras ferjefritt mellom Lavik og Askvoll, køyretid ca. 1t 20min.

Kva kostar så dette?:
Stormpass: 1100,- inkl guida turar og middag laurdag
Grunnkurs: 2800,- inkl alt utstyr, middag laurdag kveld
Teknikkurs: 2800,- inkl alt utstyr, middag laurdag kveld


Leige av kajakk og alt anna utstyr 700,- for heile helga, vi leiger kun ut heile pakkar med kajakk, åre, trekk, våtdrakt, jakke, sko etc.

Påmelding og betaling på https://www.deltager.no/stormsamling_2015_25092015

Seinaste påmeldingsfrist er 23 september 2015, hugs at det er bindande påmelding!
Bli fan på Facebook, sjå Askvoll padleklubb

Har du spørsmål om samlinga, bruk eposten ([email protected]) eller kontakt tlf nr 
95834359 (Roger Kløvtveit). Send helst epost :)

Vi sjåast i Bulandet
Styret i Askvoll Padleklubb

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon