Alfred Hauge Konferanse (30.-31.10.2015)

Alfred Hauge 100 år – Alfred Hauge-jubileum 2015

 

Konferanse ved Utstein Kloster
30.-31. oktober

 

Historiske romanar, samtidsdiagnosar, framtidsvyer – tradisjonelle romanar, eksperimentelle romanar –  realisme, visjonar – lyrikk, salmedikting – sjølvbiografiar,  biografiar, reiseskildringar, essay –

 

Forfattarskapen til Alfred Hauge femnar vidt og har engasjert mange lesarar.  Hauge arbeidde som lærar, forlagsmann og journalist i tillegg til å vere folkekjær og kritikarrost forfattar, kanskje best hugsa for trilogien om Cleng Peerson.

Hauges litteratur utviklar seg frå det tradisjonelle til det eksperimentelle og rommar eit spenn mellom historisk tematikk, barsk realisme og fabulering. Utover i forfattarskapen utforskar han i stadig større grad potensialet i fiksjons-litteratur. Utgivinga av Mysterium i 1967, den første og eksperimentelle boka i Utstein-kloster syklusen, markerer eit viktig skilje i forfattarskapen.

Siste helga i oktober møtest vi ved   Utstein kloster til konferanse med søkelys på Alfred Hauges forfattarskap.

Litteraturforskarar og historikarar vil sjå nærare på fleire sider av den rikhaldige litterære produksjonen til Hauge.

Det vert føredrag av mellom andre Jan Inge Sørbø, Benedikt Jager, Ingeborg Kongslien, Irene Engelstad, Kristin Aalen og Magne Drangeid. Konferansen er open for alle interesserte, og diskusjonane er også opne for alle. Ein kan melde seg på heile konferansen, ein av dagane eller berre til den spennande kulturkvelden, der Hauge-tekstar vert framførte i kyrkja ved Ustein kloster. Det er også høve for å melde seg på festmiddag.


Arrangørar: Universitetet i Stavanger – Høgskolen i Volda – NLA Høgskolen

Konferansen har motteke støtte frå:
Rogaland Fylkeskommune – Norsk Kulturrådet – Fritt Ord – Universitetet i Stavanger – Høgskolen i Volda – NLA Høgskolen

 

Fredag 30.10.

11.00-12.00               Registrering (lett lunsj)

12.00-13.00               Jan Inge Sørbø (HiVolda): Viktige overgangar i Hauges forfattarskap

13.00-13.45               Ingeborg Kongslien (UiO): Cleng Peerson-eposet: Emigrasjon og eksistensiell søking

13.45-14.30               Ernst Berge Drange (Ryfylkemuseet): Emigrantskipet Restauration 1825 – ei
                                lita undersøking om kvar fartøyet seglde vidare frå South Street Seaport i New York

14.30-15.00               Kaffepause

15.00-15.45               Magne Drangeid (UiS): Cleng Peerson i røynleg-fiktive landskap

15.45-16.30               Vigdis Berland Øystese (NLA Bergen): Fleirfaldig lesing av Alfred Hauges salmar

16.30-17.15               Anne Elisebeth Skogen: Å framføra Hauge-stoff i dag. Mine erfaringar


18.00-20.30               Festmiddag (ikke inkludert i deltakeravgift)

20.30                        Kulturkveld (inkludert i deltakeravgift)

- Vegard Johnsen Hauge – Håkon Hauge Johnsen – Birgitte Hauge –
Mari Væhle Hauge-Kristoffersen synger salmer og tonesatte dikt av Alfred Hauge

- Kjell Inge Torgersen leser dikt og Prosa av Alfred Hauge med tilknytning til Utstein Kloster


Lørdag 31.10.

 

9.00-9.45             Øygunn Skodvin Prestegård (NLA Bergen): Forteljar og forfattar i fire Utstein
                            kloster-romanar

9.45-10.30            Kristin Aalen: «I det kosmiske spenn utover, i helvetes hole berg innover».
                            Spor av LSD-rus-erfaringer i Alfred Hauges verk.

10.30-11.00          Kaffepause

11.00-11.45          Michael Grote (UiB): Alfred Hauges roman Mysterium og europeisk modernisme

11.45-12.30          Irene Engelstad (UiO): Refleksjoner over leserens frihet. Alfred Hauges Mysterium

12.30-13.30          Lunsj

13.30-14.15          Benedikt Jager (UiS): Sjangerkrav som Leviathan. Hauges Manndom

14.15-15.00          Sigrid Bø Grønstøl: Det avgrensa og det grenselause.
                             Perlemorstrand og psykoanalysen

15.00-16.00           Oppsummering, diskusjon

 

Praktisk Informasjon

 

Konferansen er åpen for alle og henvender seg til den allmenn interesserte offentligheten.

 

Konferansedeltakelse koster:

 

To dager                                1000,- NOK               (student / honnør 500,- NOK)

En dag                                    625,- NOK                 (student / honnør 325,- NOK)

Konferanseavgiften inkluderer både mat og drikke under selve konferansen og kulturkvelden.

Konferanseavgiften omfatter ikke festmiddagen og overnatting.
Begge deler kan bestilles hos Svein Peter Grøsfjeld: [email protected]

-     Overnatting på Klosteret fra 1095,- NOK (få ledige rom)

-     Overnatting på Utstein Kloster Hotell fra 790,- NOK

Festmiddag 695,- NOK


Vel møtt!



 

Sted: Utstein Kloster
Startdato: 30.10.2015 13:00
Sluttdato: 31.10.2015 17:00
Påmeldingsfrist: 29.10.2015 23:00


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon



Kontaktperson for arrangementet:
Benedikt Jager



Lik Deltager.no på Facebook: