Ingen lunde II: Nordatlantisk sjøfuglseminar 20.-21. april 2015

Kva skjer i fuglefjellet på Runde?

(Non-Norwegian speakers please call +47 70080800 or send an email to booking@rundecentre.no)

For 30 år sidan var krykkja den vanlegaste sjøfuglen i fuglefjellet på Runde. I dag finst det nesten ingen krykkjer igjen, og fleire andre artar har problem.
Kva har skjedd?

Dette og liknande spørsmål vil diskuterast på det Nordatlantiske sjøfuglseminaret Ingen lunde II i regi av Runde Miljøsenter, i samarbeid med Norsk Ornitologisk Forening og Norsk Biologforening. Seminaret vil finne stad på Thon Hotel Fosnavåg 20.-21. april 2015. Her vil nokre av dei fremste sjøfuglekspertane frå England, Skottland, Norge og Island møtast for å diskutere grunnane til dei store endringane i sjøfuglbestandane på Runde og i Nord-Atlanteren - og kva som kan gjerast. Kan endringane vere eit symptom på meir djuptgripande endringar som skjer i havet?

Seminaret er mynta på forskarar, offentlig forvalting, lærarar, reiselivsnæring og elles alle som ønskjer å oppdatere seg innan sjøfugløkologi, miljø og klima.


Velkomne!



Full seminarpakke inkluderer
- Spennande innlegg og diskusjonar
- Overnatting m/frukost på Thon Hotel Fosnavåg 20.-21. april
- Utflukt til Runde om kvelden dag 1, med middagsservering, omvising på Runde Miljøsenter, tur i fuglefjellet,    sosialt samver og
  nattmat ved retur til hotellet.
- To-retters lunsj og pausebuffet begge dagane


Pris: 
                  2810,- / 2320,- (per pers. i enkeltrom/dobbeltrom)


Prisar utan overnatting, alle måltid inkludert:

Begge dagar:
               1975,- (inkl. utflukt til Runde)
Kun dag 1: 
                  1260,-/745,- (inkl./ekskl. utflukt til Runde)
Kun dag 2: 
                   745,-

Studentpris:                 1000,- (inkl. overnatting 20-21.04, og lunch begge dagar)

Ekstra overnatting på hotellet kr 990,- per natt inkl. frukost. 

For påmelding bruk skjemaet under, eller ring telefonnr. 70080800 eller epost booking@rundecentre.no.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon