Postvegrittet 2015

Velkommen til Postvegrittet 2015!
  
I år har vi valgt å legge opp påmeldingskontigent på 350 fram til 1. Mai. Frå og med 1. Mai vil startkontigent vere 500 kroner. 

Nytt av året er også ny dato, 20. Juni! Vi håper dette gjer det mulig for fleire å komme til Dale til dette utsøkte terrengrittet! 

I år har vi også fått ny hovedsponsor: Skogstad.
Skogstad gir oss 9 gavekort på 2000 kroner kvar som ein kan nytte i alle Skogstad forretingar samt nettbuttikk. Desse gavekorta blir trekt på startnummer (ein må starte for å vere med i trekninga), 6 av dei trekkas i herreklassane og 3 i dameklassane. Vi håper dette vil lokke litt fleire damer til Postvegrittet!

Sykkel-lisens er ei forsikring for deg som syklar. Du kan velge mellom ein lisens som gjeld alle ritt du deltek i eller å løyse lisens kun for dei enkelte ritt du er med på. Eingongslisens kostar 200. Dette må betalast på rittdagen.
Dersom du har aktiv lisens oppgje den. Lisens kan kjøpes her: https://reg.eqtiming.no/SykkelLisens
Du kan søke fram din lisens på samme sida.

Hugs å fylle inn ditt Birk ID nr dersom du har - dette finn du lett på http://tiur.hwiig.no/minside/finn_id.aspx
Dette er avgjerande for å få birken seeding.

Postvegrittet vil ha fleire startpuljer oppsett etter forventa slutt-tid. Dei som tidlegare har sykla under to timar vert oppfordra til å melde seg på i rekordpulja. Har du ikkje sykla dette rittet før vel du ei tid du trur du kan klare, ver obs på at puljene er veiledande og vi vil slå sammen puljer slik att vi får jamne antal i kvar startpulje. Desse puljene vil bli slått opp på rittdagen.

Rittet er begrensa til 300 ryttere.

For meir informasjon sjå http://www.postvegrittet.no/ - og følg med på facebook sida vår :-)



 

Sted: Dale i Sunnfjord
Startdato: 20.06.2015 12:00
Påmeldingsfrist: 18.06.2015 23:59
Legg til i kalender


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon



Kontaktperson for arrangementet:
Arvid Haugen
Tel: 98497103
[email protected]



Lik Deltager.no på Facebook: