Livstidsmedlemskap i VennSJH

Sogn Jord- og Hagebruksskule  var truga av nedlegging. Medlemskontingenten til VennSJH vart brukt til foreningsdrift og kampanjen "Redd økoskulen!" i 2014. Ved å tegne livstidsmedlemskap støttar du vårt arbeid som har fylgjande føremålsparagraf:

 "Sogn Jord- og Hagebruksskule Venneforening (VennSJH) er ein ideell medlemsorganisasjon. 


Føremålet med Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) Venneforening er å sikre at SJH held fram med å vera ein skule med undervising i økologisk landbruk og eit kunnskapssenter for berekraftig næringsutvikling. 


Føremålet skal mellom anna oppfyllast ved at det vert reist kapital til naudsynte investeringar i bygg og anlegg. "

Kontingenten for livstidsmedlemskap, er sett til 200 kroner. Det vert IKKJE kravd inn andre medlemspengar årleg.
 Du registrerer og betaler for ditt medlemskap og ev. andre du vil melde inn her på deltager.no.

 Hjarteleg velkommen i Sogn Jord- og Hagebruksskule venneforening!

 Tusen takk for at du stiller opp og støttar arbeidet. Vi er heilt avhengige av våre medlemmar for å lukkast med å samle inn naudsynt kapital til bygg og anlegg ved SJH. Som medlem vil du verte helden oppdatert gjennom Facebooksiden til venneforenigna og ikkje minst skulen sine. Vi fera 100 års jubileum i 2017, med åpning av nytt undervisningsbygg. sett inn lenke.

 Sjå meir om kampanjen "Redd økoskulen!" frå 2014 og venneforeninga sitt arbeid på www.vennsjh.com og følg oss i sosiale medier. Økoskulen er er berga, venneforeninga fortset å eksistere som part og har pr 1. november 2018 forstastt 750 000 kr på bok som kan brukast til naudsynte investeringar. Aurland Sparebank har i tillegg 1 million til disposisjon. Det er fortsatt bygg og anlegg ved skulen som lyt rustast opp, arbeidet fortset. 

Beste helsing styret i VennSJH.



 

Sted: Aurland
:
:
Legg til i kalender


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon



Kontaktperson for arrangementet:
Aud Slettehaug
[email protected]



Lik Deltager.no på Facebook: