Stormsamling 2014

STORMSAMLING 2014

Påmelding til haustens padlehøgdepunkt er no i gang, den 26 til 28 september gjentek Askvoll Padleklubb suksessen frå tidlegare år og arrangerar Stormsamling i Bulandet. Sponsorar er Njord og God Tur.

Som dei siste åra vert Stormsamlinga arrangert som ein samling der det sosiale rundt padlinga er det viktigaste. Sidan samlinga på kveldane vert i Floren hos Liv Turid har vi berre 46 plassar tilgjengelege. Så her gjeld det å hive seg rundt å melde seg på!

Det vert arrangert grunnkurs og  teknikkurs, medlemmar frå Askvoll padleklubb vil tilby guida turar rundt om i Bulandet begge dagane. For å vere med på samlinga, må du betale for stormpass (gjeld berre dei som ikkje skal vere med på kurs).

Vi samlast i Floren til ei orientering på fredag kvelden kl 21.00, slik får vi med dei som kjem med ferga kl 19.15 frå Askvoll.

Verdas beste middag, kaffi og dessert i Floren på laurdag kveld, er inkludert, drikke til maten kan kjøpast. Etter middagen viser vi innsamla bilete frå dagen og ca kl 21.30 arrangerer vi buss til Værlandet, buss attende til Bulandet ca kl 01.00.

Totalt har vi 30 stormpass, 8 plassar på grunnkurs, 8 plassar på teknikkurs. Til saman 46 plassar. Minimum 4 deltakarar på kursa.

Vi har sett ei aldersgrense på 18 år. Personar under må vere i følgje med føresette.

Overnatting må kvar enkelt ordne med sjølv, sjå på Bulandet Grendalag for hytter og liknande, http://bulandet-grendalag.org/

Ferjetider finn de på www.ruteinfo.net, hugs at vi har fått ny bru sidan sist, det kan køyras ferjefritt mellom Lavik og Askvoll, køyretid ca. 1t 20min.

Kva kostar så dette?:

Stormpass: 1100,- inkl guida turar og middag / buss laurdag
Grunnkurs: 2600,- inkl alt utstyr, middag / buss laurdag kveld
Teknikkurs: 2600,- inkl alt utstyr, middag / buss laurdag kveld
Leige av kajakk og alt anna utstyr 700,- for heile helga, vi leiger kun ut heile pakkar med kajakk, åre, trekk, våtdrakt, jakke, sko etc.

Nytt deltager.no for påmelding, betaling og andre detaljar.

Seinaste påmeldingsfrist  er 15 september 2014, hugs at det er bindande påmelding!

Bli fan på Facebook, sjå http://www.facebook.com/pages/30Askvoll-Padleklubb/283238932315

Har du spørsmål om samlinga, bruk eposten ([email protected]) eller kontakt tlf nr
95834359 (Roger Kløvtveit). Send helst epost :)

Vi sjåast i Bulandet

Styret i Askvoll Padleklubb




 

Sted: Bulandet
:
:
Legg til i kalender


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon



Kontaktperson for arrangementet:
Roger Kløvtveit
Tel: 95834359
[email protected]



Lik Deltager.no på Facebook: