Eksklusiv gjesting i nye utstillingar på Arkeologisk museum

Velkomen til ei eksklusiv gjesting i dei heilt nye utstillingane på Arkeologisk museum.

  

Arkeologisk museum har gleda av å invitere til omvising i våre heilt nye utstillingar på Arkeologisk museum samen med formidlar tirsdag 11. august kl 13.

Bli med på ei VIP-omvising med vår formidlar i den nye vikingtidsutstillinga før den offisielle opninga 15.august! Sentralt i utstillinga er koplinga Rogaland har til Irland, her får du sjå over tusen år gamle gjenstandar frå vikingane sine reiser både aust og vest, deriblant det innlånte gullfunnet frå Soma. Opplev storleiken av eit lokalt vikingskip gjennom ein einaste ekte treplank, og bli kjent med ulike kvinneskapnader og ein høvding frå Ryfylke gjennom gravfunna deira. Det blir moglegheit for å stille spørsmål under heile turen. Mot slutten av omvisinga vil du få høvet til å oppleve den heilt nye utstillinga “Solkult, mytar og mystikk - bronsealderkvinna si verd".  

Hos Kafé Ask & Embla spanderer vi herleg økologisk kaffi eller te. Er du litt svolten? Ja, då kan du unne deg ein smakfull matbit som blir bestilt og noten i museumskaféen 


Billettar kjøpes på førehand via Deltager.no.  
Begrenset anrall billettar og datoar.
Datoar for andre turar
Onsdag 12. august kl. 14 (engelsk/english)
Torsdag 13. august kl. 14 (norsk/norwegian)

  

Kr. 160,-  per person

  

Lengd 45 minutt  

Maks. 10 personar per omvisning

  

Lurer du på noko? Ring oss på 51 83 26 00 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon