Konsertforedrag med Marthe Valle

Flyktningkrisa på frigjeringsdagen

Nordsjøfartmuseet markerer frigjeringsdagen 8. mai ved å rette fokus mot menneske på flukt i dag. Marthe Valle held eit konsertforedrag om hennar erfaringar frå flyktningkrisa som utspeler seg ved Middelhavet. Ho er artist og sjukepleier og har samarbeida med Norsk Folkehjelp og Kirkens Bymisjon og vore helsearbeidar både i Midtausten og Hellas under flyktningkrisa.


Andre verdskrig og dagens flyktningkrise

Då krigen i Europa var over den 8. mai 1945 var kontinentet allereie inne i ein enorm massemigrasjon. Krigen hadde tvunge millionar av menneske bort frå heimane sine og nasjonale grenser hadde brote saman. Også i Norge var mange fordrivne. Ved krigens slutt var det tusenvis av sovjetiske og jugoslaviske krigsfangar i landet. Befolkninga i Aust-Finnmark var tvangsevakuert og omkring 50 000 nordmenn hadde flykta landet i løpet av krigen.

Nordsjøfartmuseet formidlar historia om ein liten del av desse, om lag 5000 menneske, som reiste frå Norge over Nordsjøen som båtflyktningar i løpet av krigen.

Parallellane til dagens migrasjonskrise er ikkje vanskelege å finne. Bakteppet av langtrekne og stadig meir brutale konfliktar er til stades også i dag. Sjølv om landegrensene ikkje er endra har det i Midtausten skjedd raske endringar i kontrollen over landområde, som følgje av borgarkrigen i Syria og av IS sine erobringar i Irak og Syria. Samanbrot i regimet i Libya har òg ført til at fluktruter har blitt opna frå ulike konfliktområde i Afrika.

Skilnadene er òg openberre. Dagens flyktningkrise har ein meir kompleks samansetning enn den i 1945, og omfanget på dei einskilde konfliktane er annleis. Det er òg ein annan struktur på dei internasjonale strukturane, avtalene og lovene som finnes for å handtere flyktningar og migrantar.

Likevel, for dei menneska som er på flukt i dag, kan situasjonen fortone seg like håplaus og kaotisk som i 1945. Og det er menneska vi vil rette blikket mot denne kvelden.

Arrangementet starter klokka 19:00

Dørene opner klokka 18:30

Pris: kr. 200

Billetter på Nordsjøfartmuseet eller på førehand på nett: https://www.deltager.no/nordsjofart8mai 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon