NM-samling på Byrkjelo

BAKGRUNN

Sogn og Fjordane Friidrettskrins ynskjer å skape gode sportslege rammer forfriidrettssatsing i Sogn og Fjordane. Vi ynskjer å gjennomføre samlingarinnanfor løp, hopp, kast og kappgang i 2018.

Det vil bligjennomført eigne samlingar innanfor dei ulike greinene/øvingane, men ogsåfleire felles samlingar på tvers av alle øvingane.

Dette gjeld påmelding for krinstiltak på Byrkjelo 19 .august. 

MÅLGRUPPE:

Gutar og jenter født 2005 (13 år) og eldre.

TRENARAR:

Eivind Øygard, Tor Inge Ø. Myrhol, Joakim Urdal, Henrik Holmberg m.fl. 

PROGRAM BYRKJELO 19. AUGUST

Endeleg program er ikkje klart før etter tiddskjema for NM blir offentleggjort etter 7. august. Samlinga tek til straks NM-øvingane er ferdig. Kanskje får vi møte Kongepokalvinnaren også? 

Det vil bli delt inn i grupper innanfor:

1: Mellom/langdistanse

2: Sprint/hekk

3: Lengde/tresteg

4: Høgde/stav

5: Kast

PRIS:

Treningsavgift på 100,- kr. 


Beklager, påmeldingsfristen har gått ut eller arrangementet er fulltegnet.