Kystfriluftsskule Flora

 

3 Kystfriluftsskuler i Flora sommar 2019

 

25-27.06, Kvanhovden m/overnatting, 1 .dag i Florø dagtid 08-1500, dag 2 og 3 Kvanhovden

 

02-04.07, Florø kun dagskule 08-1500

 

06-08.08, Kvanhovden m/overnatting, 1 dag i Florø dagtid 08-1500, dag 2 og 3 Kvanhovden

 

Det er Fjordkysten friluftsråd i samarbeid med DNT og Kvanhovden fyr samt andre frivillige som står bak tiltaket. Friluftsskulen er eit 3 dagers aktivitetsopplegg med 2 overnattingar for born og unge i alderen 10 til 13 år. Dette er 2 året vi arrangerer friluftsskule i Flora. Vi har ein flott kystnatur, og vi vil inspirere til at born og unge kan få eit nært og godt forhold til naturen, både som ein stad og vere, ein stad å lære og ein stad å hauste. Gjennom ulike aktivitetar, ferdsel og opplevingar ynskjer vi å gje dei ei forståing av naturen sin eigenart og tålegrenser.

 

Tidsmessige og praktiske rammer

Friluftsskulen er eit 3 dagars tilbod med 1 overnatting ved Kvanhovden Fyr på Hovden. Friluftsskulen har gjennomgåande tre hovudtema i undervisningsopplegget. Det er fokus på dei rettar og plikter som er nedfelt i allemannsretten. Vidare er det lagt vekt på kunnskap om orientering og bruk av kart og kompass og korleis ein finn, lagar og ter seg på ein raste- og leirplass.

 

Alle deltakarane bur i Lavotelt og vil ha utgangspunkt på Kvanhovden fyr denne veka. Undervisninga vil finne stad mellom kl.08-1500, med middag og pause fram til kl.1700. Frå kl.17-2000 vil det vere valgbare aktiviterer å vere med på. Borna overnatter i lavvo og telt, men det vil vere naudløysing innomhus på fyret dersom veret er veldig ulagleg.

 

Dagsplanar og innhaldet i undervisninga

Friluftsskulen har plass til 20 deltakarar. Stort sett vil undervisninga føregå samla, men ved enkelte høve vil vi dele deltakarane i mindre grupper.

Vi veit at værtilhøva på kysten er skiftande. Nokre somrar har vi erfart at vind og nedbør kan kome med jamne mellomrom. Eit undervisningsopplegg med båtar og kajakkar ved kysten inneber at vi har lite vind. Dagsprogramma må vere fleksible slik at vi kan endre og ha alternative løysingar dersom værtilhøva vert for vanskelege.

 

Her er eit døme på dagsplan:

Tirsdag; Florø kl.0800-1500; Kajakktrening/opplæring i Florø i Nilsen Slippen ved Kystmuseet m.m 2 deling; Kajakk ei gruppe, den andre Allemannsrett/raste leirplass.

OnsdagOppmøte Florø Skyssbåtkai (Fugleskjærskaia) kl 0640, avreise 0650. Fjell/stitur med orientering og øving i bruk av kart og kompass. Middag og pause mellom 15-1700. Etter kl.1700 kan ein veksla mellom tauknyting i bua, innføring i forureining av marint avfall og strandrydding fram til kl.2000.

TorsdagNedrigging av leirplass og pakking , matsanking i fjæra, lunsj. Oppsummering og avreise kl.1300. Tur langs stiar og fjære attende til Barekstad. Frå Barekstad kl.1500.

 


NB; For skulen på dagtid i Flora 02-04.07 vil elevane bli tilbydt skule på dagtid mellom 08-1500. Ein vil gjennomgå tilsvarande fag som på Kvanhovden, men full leirslagning og telting med overnatting fell her vekk.

  

Tema vi går gjennom desse dagane;

 
  1. Allemannsrett og ferdselkultur
  2. Kartforståelse
  3. Raste- og leirplass
  4. Tur eller ekspedisjon
  5. Ettermiddag dag 1; Tauknyting/kystkultur, strandrydding, rullering 2 grupper
  6. Ettermiddag dag 2; Kajakk 10 stk, fjellklatring 10 stk, ingen rullering.
  7. Turvandring langs stiar og fjære.

Matstell

 

Deltakarane tek med seg nistepakke og noko å drikke til formiddagsmat/lunsj. Alle andre måltid vil arrangøren syte for. Dette inngår som ein del av undervisningsopplegget (raste- og leirplass). Vidare vert det kjøpt inn frukt og litt godteri til alle­. Vi har bestikk og dekketøy til alle.

 

Utstyrsliste

 

Deltakarane treng ein dagstursekk. Værmeldingane for dagen vil antyde om det er behov for regntøy. Støvlar er heilt nødvendig både i ferdsel i utmark og ved sjøen.

 

Utstyr i dagstursekken: Nistepakke og drikke, vindtett ytterplagg, genser, lite sitteunderlag, ekstra T-skjorte, underbukse, strømper og sokkar . Ta med lue og solbriller.

 

Alle må ha med sovepose, liggeunderlag og toalettsaker. Fiskestang og sluk kan også vere aktuelt.

 

Forsikring

 

Borna må ha eigen forsikring, type reiseforsikring. Dette må foreldre sikre er i orden før skulen startar.

 

Pris

 

Deltakaravgifta for å delta på Friluftsskulen er kr 950. Dette inkluderer frukost, formiddagsmat og middag og kvelds, reisekostnadar med skyssbåt og felles frukt og godteri.

  

Påmelding

 

Innan 16.06.2019 for skulane;

  

Velkomen til friluftsskule og spanande dagar med kystfriluftsliv i Flora!

 



Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon