Kvalpekurs - intensivt!

Har du fått sommarkvalp? Vi lanserer intensivkurs for kvalpar i juli! To ettermiddagar og ein søndag med leik, læring og moro for kvalp og eigar!


Kvalpetida er både spennande og hektisk! Det er mykje som skjer, og mykje å halde styr på. 

På kurset tar me for oss dei viktigaste tema for den nybakte kvalpeeigaren, som kvalpebiting, kontakt-trening, hilse pent, innkalling, sosialisering, aktivisering og vanlege kvardagsatferder som sitt, bli, værsågod. Du lærer korleis trene hund, og får verktøy du kan bruke vidare i treninga framover. Det viktigaste er kva du lærer og at du sjølv kan trene din hund på ein god måte vidare.

Me vil veksle mellom teori og trening alle kursdagane, så kvalpane får god tid til leik og moro, og til å slappe av mellom øvelsane. 

 

Onsdag 17. juli fra 18:00 til ca 20:00, fredag 19. juli fra 18:00 til ca 20:00, og søndag 21. juli fra 10:00 til ca 14:00.

 

 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon